Komnes stavkyrkje

tidl. stavkyrkje i Kongsberg

59°30′22″N 9°54′46″E / 59.505974°N 9.91277°E / 59.505974; 9.91277

Antemensale frå Komnes i Kulturhistorisk museum
Foto: Eirik Irgens Johnsen

Komnes stavkyrkje låg like sør for dagens Komnes kyrkje, der det no er kyrkjegard. Dette er på grunn frå garden Komnes (gnr. 29), som ligg i skråninga nedanfor kyrkjegarden på sørsida.

Soknet (Kaupmanzness) er omtala i jordeboka til biskop Eystein Aslaksson,[1] og Jens Nilssøn omtalar i sine visitasskildringar (1595) Kopmannes som anneks til Efteløt (hovudkyrkja i Sandsvær).[2] Ut frå ei innskrift på ein gamal kalk trur Nicolay Nicolaysen[3] at kyrkja var vigd til Andreas.

Kyrkja vart ikkje ikke målt opp systematisk før ho vart riven, men Christian Christie utarbeidde måleskisser og ei kort skildring i 1860, og mykje av vår kunnskap om kyrkja bygger på desse og på skildringar i samband med rekneskapar og synfaringar i tidlegare tider.[4] Kyrkja var ifylgje Lorentz Dietrichson[5] ei enkel, einskipa kyrkje med rektangulært skip og lågare/smalare kor, og ho hadde ikkje mykje av utskjeringar. I ein synfaringsrapport frå 1673 er kyrkja skildra å vere «af Bindingsverk» (dvs. stavverk) og ha hjørnestolpar av eik og svalgang. Koret vart seinare gjort like breitt som skipet, slik at det framstod som ei forlenging av det. Kyrkja vart riven i 1881.

Inventargjenstandar frå stavkyrkja endre

Ein antemensale frå 1200-talet er bevart i Oldsaksamlinga. Elles er sentrale etterreformatoriske inventargjenstandar overførte til Efteløt kyrkje etter å ha ligge på loftet i nye Komnes kyrkje. Dette gjeld altartavla (truleg frå 1787), døypefonten (frå 1639), preikestolen og ein klokkarbenk. To benkevangar med dør, to middelalderkister o.a. er overførte til LågdalsmuseetKongsberg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. H.J. Huitfeldt-Kaas, red. (1958). Biskop Eysteins Jordebog (Den Røde Bog): Fortegnelse over det geistlige Gods i Oslo Bispedømme omkring Aar 1400 1. Oslo: Børsum. s. 50. 
  2. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Oslo: Carl Zakariasson. s. 410. 
  3. N. Nicolaysen (1862–66). Norske fornlevninger. Foreningen til Norske fortidsminnesmerkes bevaring. s. 169. 
  4. Omtala i «Norges kirker», som skrildringa her byggjer på.
  5. Dietrichson, s. 531.