Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°33′1″N 9°48′36″E

Efteløt kyrkje
Efteløt kirke
Kongsberg Efteløt kirke.JPG
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Kongsberg
Sokn Efteløt
Fellesråd Kongsberg
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Teknikk Mur
Material Naturstein og teglstein
Innvigd Ca. 1184
 - Vigd til Døyparen Johannes og Jomfru Maria
 - Endringar M.a. 1876, 1905, 1953
Tårn I vest
Klokker 3: 1670, 1800 (Borger Riise), 1840 (Nils Knudsen Dahl)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Renessanse, frå Komnes kyrkje
Døypefont 1639, åttekanta timeglasform, frå Komnes kyrkje
Altartavle Frå Komnes kyrkje, 1787 (det finst òg ei tavle frå 1876 i kyrkja)
Orgel Vestre orgelfabrikk, 1965
Sitjeplassar 190
Diverse Klokkarbenk i renessanse, 1781, frå Komnes kyrkje
Wikimedia Commons: Efteløt kirke

Efteløt kyrkje er ei langkyrkje i romansk stil frå ca. 1184 i Sandsvær (no Kongsberg kommune) i Buskerud fylke. Kyrkja har om lag 190 sitjeplassar.

Det er ei steinkyrkje med opptil ein meter tjukke murar av naturstein. Kyrkja var i si tid vigd til Døyparen Johannes og jomfru Maria. Efteløt har alltid vore hovudkyrkja i Sandsvær.

I 1876 vart kyrkja bygd om til ein mer gotisk stil. Mellom anna vart takryttaren erstatta med eit vesttårn av teglstein, kyrkja vart gjort større, og dei gamle, rundboga vindauga vart erstatta med spissboga. I 1953 vart kyrkja restaurert og tok over det gamle inventaret frå Komnes stavkyrkje.

Prestegarden ligg på den andre sida av fylkesveg 40.

LitteraturEndra

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 527. ISBN 82-7527-022-7. 

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.