Kompostmaur

insektart
Kompostmaur


Arbeidar av kompostmaur Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Arbeidar av kompostmaur
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Orden: Hymenoptera
Familie: Formicidae
Underfamilie: Ponerinae
Slekt: Hypoponera
Art: H. punctatissima
Vitskapleg namn
Hypoponera punctatissima
Roger, 1859

Kompostmaur (Hypoponera punctatissima) er ein maurart som finst over store delar av verda, ofte i tilknytnad til menneske.

LevesettEndra

Kompostmauren er varmekjær, og finst helst innandørs i hus, bakeri, drivhus eller liknande. Utandørsbestandar heldt seg helst til komposthaugar eller sagflis.

Ein reknar med at kompostmauren sitt opphav ligg i Middelhavsområdet. Arten har derifrå spreidd seg til heile Europa og saman med menneske til tropiske og subtropiske delar av verda. I Noreg er han registrert i Lysaker i Akershus og ved Bergandammen i Vestfold.

KjeldeEndra