Kongedømet Galicia

Kongedømet Galicia var ei politisk eining (400-talet - 1833) sørvest i Europa og nordvest på Den iberiske halvøya. Kongedømet vert rekna som det første kristne kongedømet på halvøya. Fram til 1200-talet var kongedømet eit maktsenter for kristne kongedøme på Den iberiske halvøya. På 1100-talet vart Galicia svekka første gong då det måtte gje frå seg dei sørlege områda, som vart Kongedømet Portugal. Då Kongedømet Castilla, som opphavleg var ein del av Galicia, vart mektigare vart Galicia gradvis svakare. Kongedømet vart etter kvart ein del av kongemakta Castilla og eksisterte som eit kongedøme i dette riket og seinare Spania fram til 1833.

Reino de Galicia
Kongedømet Galicia

410 — 584
910 — 1833

Våpenet til Galicia

Våpen

Plasseringa til Galicia
Plasseringa til Galicia
Europa på 1100-talet
Hovudstad Braga, Oviedo, Leon og til slutt Santiago de Compostela
Språk Galicisk
Religion Kristendom
Styreform Monarki
Monark
 - 910-924 Ordonius I
 - 925-929 Sancius I
 - 1111-1157 Adefonsus VII
Lovgjevande forsamling Xuntas do Reino de Galicia
Historie
 - Oppretta 410
 - Opphøyrde 1833

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.