Vitskapsmuseet
63°25′44.533″N 10°23′14.953″E / 63.42903694°N 10.38748694°E
Vitskapsmuseet | |||
| |||
Stad | Trondheim kommune | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1926 | ||
Vitskapsmuseet 63°25′45″N 10°23′15″E / 63.42916667°N 10.3875°E |
NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim er eit universitetsmuseum under Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) med natur- og kulturhistoriske samlingar og utstillingar. Museet har forskings- og forvaltningsansvar innan arkeologi og biologi i Midt-Noreg. I tillegg driv museet ei omfattende formidlingsverksemd og har utstillingar i tre bygg på Kalvskinnet.
Vitskapsmuseet er ei eiga eining i NTNU, direkte underlagt universitetsstyret på same måte som eit fakultet.
Utstilling
endreDei arkeologiske ustillingane viser funn frå stein-, bronse-, jernalderen og vikingtida i Midt-Noreg. I Suhmhuset ligg Trondheims mellomaldermuseum som vart nominert til Årets museum i Europa i 1997.
Vitskapsmuseet har òg ei utstilling som syner unik kyrkjekunst og kyrkjeinventar frå mellomalderen og fram til ca. 1700.
I Gunnerushuset er det utstillingar om natur og miljø, menneske, livet i havet, biologisk mangfald, DKNVS si historie og mykje meir. Museet har ei blanding av langtids- og kortidsutstillingar som stadig blir fornya. I 2010 vart utstillinga Kunnskapslarm 2010 synt i samband med 100-årsjubileet til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og 250-årsjubileet til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.
Historie
endreVitskapsmuseet kan føre si historie attende til 1767, då Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) vart offisielt stifta (då hadde museumsverksemda pågått i sju år). Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab oppretta eigne samlingar, og dette vart etterkvart organisasjonen si hovudoppgåve. DKNVS Museet vart offisielt etablert i 1926 som eiga eining.
I 1968 gjekk DKNVS Museet inn som ein del av det nyetablerte Universitetet i Trondheim (UNIT), og vart seinare døpt om til Universitetet i Trondheim, Vitskapsmuseet (VM).