Kongeskeistork
Kongeskeistork (Platalea regia) lever på tidvassletter og grunne område med ferskvatn og saltvatn i Australia, Indonesia og på Papua Ny-Guinea, New Zealand og Salomonøyane. Han har òg vorte registrert som ein streiffugl på Ny-Caledonia. Kongeskeistork beitar på krepsdyr, fisk og små insekt ved å feie nebbet si frå side til side. Han flyg alltid med halsen og hovudet strekt ut.
Kongeskeistork | |
Kongeskeistork med opent nebb i Victoria, Australia Foto: Wikipedia-brukar fir0002
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Pelikanfuglar Pelecaniformes |
Familie: | Ibisfamilien Threskiornithidae |
Slekt: | Skeistorkar Platalea |
Art: | Kongeskeistork P. regia |
Vitskapleg namn | |
Platalea regia |
Skildring
endreKongeskeistork er ein stor, kvit fugl med eit svart, skeiforma nebb. I gjennomsnitt er han er ca. 77 centimeter i kropplengd og veg ca. 1,7 kilogram.[1] Det er ein vassfugl med lang bein for å vade gjennom vatn. Enden av nebbet til kongeskeistorken er breiare og fungerer meir som ei klype enn det smalare nebbet til gulnebbskeistork, som fungerer som ei tong.[2]
Kongeskeistorken tar animalsk føde, fangar små dyr ved å feie nebbet gjennom grunt vatn og svelgjer byttet straks det er oppdaga. Når langsomme feiing, går det spoonbill sakte med opent nebb vinkelrett på vassflata. Fuglen går sakte, sparkar opp rusk og smådyr frå botnen, som han sansar og grip tak i med nebbet. Dei kan òg dra nebbet langs kroppsiden medan dei vadar på grunt vatn.[2]
Byttedyra inkluderer ferskvasskrepsdyr som kloreker, insekt, frosk og småfisk og nokre gonger ferskvassniglar og plantemateriale.[2] Dei kan beite om natta like mykje som i dagslys fordi dei nyttar kjensler i nebbet heller enn synet for å lokalisere bytte.[1]
I hekkedrakt veks det lange kvite fjører frå baksida av hovudet og dei får farga flekker i andletet. Reiret er ei plattform av trepinnar i eit tre der hoa legg to eller tre egg. Ungane blir klekt etter 21 dagar. Fuglane er svært kjenslevare for uro i hekketida. I Australia har heile koloniar forléte egga sine etter mindre uro.
Ein studie av mitokondrielt DNA viste at kongeskeistorken har kinaskeistork som næraste slektning.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Royal Spoonbill» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2012
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Vestjens, W. J. M. (1975). Feeding behaviour of Spoonbills at Lake Cowal, NSW. Emu 75 (3): 132.
- ↑ Chesser, R.Terry; Yeung, Carol K.L.; Yao, Cheng-Te; Tians, Xiu-Hua; Li Shou-Hsien (2010). «Molecular phylogeny of the spoonbills (Aves: Threskiornithidae) based on mitochondrial DNA». Zootaxa (2603): 53–60. ISSN 1175-5326.
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av kongeskeistork hos Internet Bird Collection