Opna hovudmenyen

Lillestrøm stasjon er ein jarnbanestasjon i sentrum av Lillestrøm, med Lillestrøm bussterminal rett attmed. Stasjonen ligg både på Hovedbanen, som opphavleg gjekk mellom Oslo Sentralstasjon og Eidsvoll stasjon, men har no berre ordinær trafikk fram til Dal stasjon, og på Gardermobanen frå Oslo Sentralstasjon gjennom tunnelen Romeriksporten og via Oslo lufthamn, Gardermoen fram til Eidsvoll stasjon og vidare. Frå Lillestrøm stasjon går òg Kongsvingerbanen til Kongsvinger og vidare inn i Sverige. Stasjonen ligg 20,95 kilometer frå Oslo Sentralstasjon. Med sine 8 spor til plattform er dette Noregs nest største jernbanestasjon.

Lillestrøm stasjon
Lillestrøm stasjon 1.jpg
Foto: Trond Strandsberg (2007)
Stasjonsområde
Stad Lillestrøm
Distanse 20,95
Opna 1. september 1854
Arkitekt Gudmund Hoel (1930),
Arne Henriksen Arkitekter AS (1998)
Plattformer 8
Linjer og rutedrift
Linje(r) Hovudbanen
Gardermobanen m/Dovrebanen
Kongsvingerbanen
Overgang
Stasjonsbygningen frå 1930 med den nye, låge bygningen frå 1998 til høgre
Perrongane
Lillestrøms stasjon på 1920-talet

Hovudbanens første stasjonsbygning låg på Lille Strøms gård på andre side av Nitelva i høve til dagens stasjon. Han var teikna av arkitektane Heinrich E. Schirmer og Wilhelm von Hanno, og vart opna då denne første jernbanestrekninga i Noreg stod ferdig i 1854. Stasjonen vart flytta til noverande lokalitet i 1863 og fekk namnet Lillestrøm stasjon i samband med at Kongsvingerbanen vart bygd, og i 1987 vart bygninga riven.

Dagens stasjonsbygning er i naturstein frå Otta vart reist i 1927 etter teikningar av Gudmund Hoel og Arne Henriksen, og tatt i bruk i 1934. Bygninga er freda, men er ikkje i ordinær bruk etter at ny stasjon var bygd i samband med bygginga av Gardermobanen i 1998. Den nye stasjonsbygningen ligg vegg i vegg med den gamle, teikna av arkitekt Arne Henriksen, og har vorte heidra med Statens byggeskikkpris. Her er det gjennomgang på tvers under spora, og oppgangar til plattformene frå gjennomgangen.

Det er to sykkelhotell (innelukka parkeringshus for syklar) knytt til stasjonen, eit på kvar side av stasjonsområdet. Husa har plass til høvesvis 394 og 412 syklar, og er tilgjengelege døgnet rundt. I det eine er det 14 plassar der ein kan lada opp elektriske syklar.

BakgrunnsstoffEndra