Värmlandsbanan
Värmlandsbanan, fram til 1990 kalla Nordvästra stambanan, er ei jernbanelinje som går mellom riksgrensa ved Magnor i Noreg og Laxå i Närke i Sverige. Banen er eit framhald av Kongsvingerbanen.
I Laxå er Värmlandsbanan knytt saman med Västra stambanan. Det er jernbanestasjonar på desse stadane, frå aust til vest: Degerfors, Kristinehamn, Karlstad, Kil, Högboda, Edane, Arvika og Charlottenberg. I Högboda og Edane og ved nokre andre haldeplassar, stoppar det berre lokaltog.
Trafikk
endreSJ trafikkerer heile banen med tog som går mellom Stockholm og Oslo. I tillegg trafikkerer Värmlandstrafik regionaltog mellom Degerfors-Karlstad–Charlottenberg, nokre av desse går mellom Oslo og Karlstad eller Kristinehamn. I ein kort periode trafikkerte Ofotbanen AS banen før selskapet vart lagt ned. Tilbodet deira vart marknadsført under namnet Unionsekspressen.
Pr. 2007 køyrer det dagleg tre lokomotivtrekte tog mellom Stockholm og Oslo i kvar retning. Det er ti daglege tog mellom Stockholm og Karlstad (tre X 2000 og resten lokaltog) i tillegg til länstog mellom Karlstad og Charlottenberg. På strekninga Karlstad-Kil køyrer det fleire tog, som skal vidare på andre banar. På denne strekninga er det derfor stor trafikk noko som har gjort den til ei av dei mest trafikkerte dobbeltsporsterkningane i Sverige. I 2012 starta bygginga av eit 2,5 km langt møtespor som blir opna i 2013.[1]
Nattoget vart lagt ned for nokre år sidan.
Reisetida mellom Stockholm og Karlstad er 2½ time med X 2000 og 3 timar med lokaltog. Strekninga Oslo-Karlstad tar i underkant av 3 timar.
Historie
endreBygginga av jernbanen mellom Laxå og den norske grensa, den gong kjent som «Nordvästra stambanan», starta i 1866 og vart ferdigstilt i 1871. Banen var tenkt som eit samband mellom Stockholm i Sverige og Oslo i Noreg, som den gong var i union. Noreg hadde alt i 1865 forlenga Kongsvingerbanen til grensa. Strekninga blei elektrifisert i 1937. I 1962 vart det bygd eit triangelspor ved Laxå, slik at toga Stockholm-Karlstad(-Oslo) ikkje lenger måtte inn i byen for å vende. I 1990 endra Banverket namnet på banen til Värmlandsbanan.
Linjekart
endreTeiknforklaring | |||
Oslo S | |||
Hovedbanen | |||
Lillestrøm (1881) | |||
Kongsvingerbanen | |||
Kongsvinger (1881) | |||
Grensebanen | |||
438,8 | Furumoen (riksgrense) | ||
437,5 | Eda | ||
432,2 | Charlottenberg | ||
428,2 | Ås | ||
424,5 | Lerot | ||
61 | |||
417,8 | Åmotfors | ||
Kroppstadälven (ca. 70 m) | |||
415,9 | Kroppsta | ||
407,0 | Ottebol | ||
Jösseälven (ca. 90 m) | |||
402,3 | Gilserud, frå Årjäng, nedlagt | ||
397,9 | Arvika | ||
396,3 | Viksområdet lasteplass | ||
390,8 | Myrom | ||
387,6 | Ingersbyn | ||
Gryttomtunneln (75 m) | |||
383,1 | Edane | ||
Gunnarsbyn | |||
Värmeln (ca. 45 m) | |||
Brunsbergstunneln (365 m) | |||
376,2 | Brunsbergtunneln | ||
374,9 | Brunsberg | ||
61 | |||
366,0 | Högboda | ||
361,8 | Lene | ||
E45 | |||
355,3 | Fagerås | ||
Norsälven (ca. 160 m) | |||
Norge/Vänerbanan frå Göteborg | |||
Fryksdalsbanan | |||
349,5 | Kil | ||
Fryksta | |||
Bergslagsbanan | |||
348 | Kil nedre | ||
343,0 | Hynboholm | ||
62 | |||
337,5 | Skåre | ||
332,2 | Ramgatan lasteplass (1967–1992) | ||
E18 | |||
Skoghall | |||
Klarälven vest (ca. 140 m) | |||
330,1 | Karlstad C | ||
Pråmkanalen (ca. 50 m) | |||
329,0 | Karlstads Östra (1903) | ||
Klarälven aust (ca. 230 m) | |||
Sjöstadsmotet Nordmark - Klarälvens Järnväg (1880–1990) | |||
325,0 | Karlstad Välsviken | ||
Alstersälven (ca. 65 m) | |||
323,1 | Alster | ||
319,2 | Skattkärr | ||
315,1 | Boberg lasteplass | ||
313,5 | Stavnäs (1909–1970) | ||
307,2 | Väse | ||
301,3 | Rudsberg | ||
298,2 | Ölme | ||
Inlandsbanan frå Persberg | |||
Bergslagsbanan til Gävle | |||
289,8 | Kristinehamn | ||
Inlandsbanan | |||
26 Varnumsleden | |||
287,4 | Höja lasteplass | ||
277,8 | Björneborg | ||
frå Gullspång, nedlagt | |||
266,6 | Strömtorp | ||
Nora Bergslags järnväg til Bofors | |||
frå Vikern | |||
Letälven (ca. 110 m) | |||
263,6 | Degerfors | ||
251,5 | Svartå | ||
til Örebro, nedlagt | |||
240,8 | Hasselfors | ||
234,2 | Porla | ||
Västra stambanan frå Stockholm C | |||
229,4 | Laxå | ||
Röfors | |||
Västra stambanan til Göteborg C |
Bakgrunnsstoff
endre- Togtabellar Arkivert 2012-12-24 ved Wayback Machine.
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Värmlandsbanan» frå Wikipedia på svensk, den 3. desember 2012.
- Trafikverkets linjekart
- Eisenbahn- und Verkehrsatlas von Europa, J. J. Arnd, Leipzig 1897.
- banvakt.se Arkivert 2010-08-25 ved Wayback Machine.