Konstantin Gorbatov
Konstantin Ivanovitsj Gorbatov (17. mai 1876–24. mai 1945) var ein russisk post-impresjonistisk målar.
Konstantin Gorbatov | |
Isaak Brodskij: Portrett av Konstantin Gorbatov | |
Fødenamn | Константин Иванович Горбатов |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 5. mai 1876 Toljatti |
Død | |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar |
Språk | russisk |
Konstantin Gorbatov på Commons |
Liv og gjerning
endreGorbatov var fødd i Stavropol i provinsen Samara. Han budde i Riga frå 1896 til 1903, og studerte ingeniørvitskap før han gjekk i målarlære. Gorbatov flytta til St. Petersburg i 1904 og studerte ved ein høgre skule der han lærte teknisk teikning. Deretter tok han til med arkitektur i St. Petersburgs kunstakademi, før han studerte kunstmåling med Nikolaj Dubovskij. Gorbatov fekk stipend og studerte kunst i Roma og på Capri. Han vende tilbake til St. Petersburg og deltok på Peredvizjnikij sine utstillingar.
Gorbatov forlet Russland for godt i 1922 i kjølvatnet av oktoberrevolusjonen. Han slo seg ned på den italienske øya Capri, men flytta i 1926 til Berlin og budde der til han døydde. I Berlin vart han med i ein sirkel av russiske emigrantkunstnarar, så som Leonid Pasternak, Vadim Falilejev og Ivan Mjasojedov. Han vart ein velkjend og etablert kunstnar. Gorbatov reiste i 1930-åra rundt om kring i Europa. Han vitja Palestina og Syria i 1934 og 1935, og var ofte innom Italia.
Gorbatovs kunst vart erklært uynskt i Nazi-Tyskland og familien måtte deretter klare seg med lite. Etter som han var borgar av Sovjetunionen hadde han forbod mot å forlate Tyskland medan verdskrigen pågjekk. Gorbatov døydde den 12. mai 1945, kort etter den allierte sigeren over Tyskland. Kona hans tok livet sitt 17. juli 1945.
Gorbatov testamenterte arbeida sine til kunstakademiet i Leningrad. Verka vart overlevert Moskva regionale museum for historie og kunst, og har sidan vore utstilt i Ny-Jerusalem-klosteret.
Verk i utval
endre-
Symjande kvinner, 1902
-
Kitezj, 1913
-
Troitse-Sergijev Posad, 1915
-
Den drukna byen, 1933
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Konstantin Gorbatov» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2009.