Korakan
Korakan (Eleusine coracana), også kjend som fingerhirse og ragi, er ein korntype som blir dyrka i Asia og Afrika. Han er ein meterhøg eittårig grasart med strå som har fleire fingerforma aks i toppen.
Korakan | |
Korakan | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Underfamilie: | Chloridoideae |
Stamme: | Chlorideae |
Understamme: | Eleusininae |
Slekt: | Eleusine |
Art: | Korakan E. coracana |
Vitskapleg namn | |
Eleusine coracana |
Korakan er nøysam og hardfør med korn som kan brukast til å framstilla mjøl. Mjølet kan brukast til å laga brød, pannekaker og annan mat. Planten blir også brukt som høy.
Korakan stammar frå Søraust-Asia. Han blir også dyrka i Sør-Asia og store delar av Afrika.
-
Korakan-åker i Annapurna-regionen i Nepal.
-
Korakan-haust i Uganda.
-
Korakan med sprikande «fingrar»
-
Korakan-korn
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Korakan» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 14. februar 2015.