Korjakar er ei folkegruppe frå Kamtsjatkahalvøya i austlege Russland. Rundt 8 000 menneske høyrer til gruppa. Dei lever først og fremst i Kamtsjatka kraj.

Korjakområda i Russland.
Korjakisk seremoni der ein starter den nye elden.

Korjakar har mykje til felles med nabogruppa tsjuktsjiar, og begge bruker nemninga luorawetlan ([ɬəɣʔorawetɬʔat]; eintal [ɬəɣʔorawetɬʔan]), som tyder 'det verkelege folket', om seg sjølv.

Språk endre

Korjakar talar språket korjakisk som er nært i slekt med tsjuktsjisk og høyrer til språkfamiljen tsjukotko-kamtsjatkiske språk.

Historie endre

 
Korjakar tek imot ein kval.

Korjakane levde i eit område som strekte seg heilt til nivkhområda i dagens Khabarovsk kraj fram til evenar kom til området og trengde dei ut til dagens område.[1] Talet på korjakar blei kraftig redusert av ein kopparepidemi i 1769-1770 og krigar mot russiske kosakkar, frå rundt 10-11 000 folk i 1700 til 4 800 i 1800.[2] I den russiske folketeljinga frå 2010 var det 7 953 korjakar.[3]

Før Russland tok kontroll over regionen levde korjakane i patriarkale storfamiliar. Nokre familiar var nomadiske og levde av reindrift. Andre levde fast i landsbyar og levde av jakt eller kvalfangst. Kvalfangsten deira gjekk tilbake på 1800-talet då talet på kvalar gjekk kraftig ned grunna industriell kvalfangst frå andre land. I staden auka fiske i tyding for korjakane. I den sovjetiske tida blei også dei nomadiske gruppen bufaste.

Under Sovjetunionen blei det autonome distriktet Korjakia skipa i 1931. Etter ei lokal folkerøysting i 2005 blei det slått saman med Kamtsjatka kraj frå 1. juli 2007.[4]

Sosialt liv endre

 
Kvinne i moderne korjakklede.

Tradisjonelt levde korjakane i koniske telt kalla tsjum dekte med mange skinn av til dømes reinsdyr. Midt i teltet var ein årestad som i dag gjerne er blitt bytta ut med ein jernomn. Senger med reinsdyrskinn på låg på austsida av teltet, som også hadde små skåp til å lagra mat, klede og andre eigedelar. Desse bygningane blir framleis brukt i dag, men mange korjakar bur no også i trehus.

Klede var tradisjonelt av skinn, igjen gjerne reinsdyr. Menn hadde lause bukser og ei skinnskjorte som ofte hadde hette. Medan ein i dag gjerne har gått over til å bruka tekstilklede, bruker dei framleis ofte tradisjonelle hattar og støvlar av skinn. Kvinner hadde liknande klesdrakt som menn, men med lengre skjørt som nådde leggen. I dag bruker kvinner gjerne hovudtørkle og skjørt av tekstilar, men bruker reinsdyrkåper i kaldt vêr.

Religion endre

 
Korjakisk sjaman.

Dei flesta korjakane følgjer framleis tradisjonell sjamanisme. Mytologien krinsar rundt ein overnaturleg sjaman Quikil (Stor-ramn), som var den første mannen og vernar om korjakane.[4] Ramnemyter finst også hjå tlingitfolk og tsimshianfokHaida Gwaii og andre urfolk i Alaska.[4]

Kjelder endre

  1. Friedrich and Diamond
  2. «Indigenous Peoples of the Russian North, Siberia and Far East», Arctic Network for the Support of the Indigenous Peoples of the Russian Arctic
  3. Russian Census 2010: Population by ethnicity, arkivert frå originalen 24. april 2012  (russisk)
  4. 4,0 4,1 4,2 Chaussonnet, s. 28-29

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Korjakar