Korrelasjon i geologi
Korrelasjon i geologi er ei samanlikning og parallellisering av mineralførekomstar, bergartar, avleiringar, fossil, geologiske aldrar, landskap og liknande i forskjellige førekomstar eller geografiske område. Ein ønskjer med korrelasjon å finne innbyrdes samsvar, likskapar eller skilnader og slik finne korleis noko har oppstått kva det er samansett av, alder og liknande.
Kjelder
endre- «korrelasjon (geologi)» i Store norske leksikon, snl.no.