Kotagiri er ein landsby i Nilgiris-distrikrtet i Tamil Nadu i India. Kotagiri Ligg på 1 793 moh. og er ein av tre populære hill stations i Nilgiris.

Kotagiri
landsby
Land  India
Stat Tamil Nadu
Distrikt Nilgiris
Areal 30,93 km²
Folketal 28 207 (2011)
Kart
Kotagiri
11°25′00″N 76°52′00″E / 11.41666667°N 76.86666667°E / 11.41666667; 76.86666667
Wikimedia Commons: Kotagiri
Ein veg inn til ein landsby i Kotagiri

Geografi

endre

Kotagiri ligg på 11,43° N. og 76,88° Ø. Gjennomsnittshøgda der er 1 793 meter.

Regionen er kjend for den eviggrøne vegetasjonen. Det viktigaste som vert dyrka er eukalyptus og vintergrønne trær som veks her. Klimaet er òg velegnet for frukt og grønnsaker, men mange lokale bønder dyrkar no rosenkål, kål, gulrøter og sopp blant mange andre vekstar.

Kotagiri er òg ein stad der ein ofte kan sjå bøffel og ville bjørnar.

Folkesetnad

endre

Etter folketeljinga i India 2011 hadde Kotagiri 29 184 innbyggjarar.[1] Menn utgjorde 49 % og kvinner 51 %. Lesekunneraten var 86,79 %, 93,55 % blant menn og 80,57 % blant kvinner.[2]

Badagafolk er dei opphavlege innbyggjarane i Kotagiri, og eig det meste av jorda.

 
Kotagiri

Skular

endre

Kotagiri kan tilby både fastbuande og utanbys elevar følgjande skular:

  • St. Jude's Public School & Junior College
  • St. Marys Home Matriculation School
  • NPA Centenary Polytechnic College:[3]
  • santalmisjonen kunne gjenoppta verksemda etter andre verdskrigen etablerte misjonen skule i Kotagiri. I tillegg til barna til misjonærane hadde skulen elevar frå Fiskeriprosjektet i Kerala. Skulen vart nedlagd på 1970-talet, då arbeidsforholdet til misjonselskapa etterkvart vart vanskelege vart skulen flytta til Nepal.

Vegsamband

endre

Frå Kotagiri går veg til Mettupalayam. Vegen held fram til Ooty. Det er 27 km frå Kotagiri til Ooty og vegen, Nilgiri Ghat Roads, er ein av fem hovudvegar i distriktet. Coonoor ligg 23 km frå Kotagiri og er forbunde med ein veg som greiner ut frå vegen til Ooty.

Kjelder

endre
  1. «Census of India 2001: Data from the 2001 Census, including cities, villages and towns (Provisional)». Census Commission of India. Arkivert frå originalen 16. juni 2004. Henta 1. november 2008. 
  2. formation, Kotagiri town (2008). City Corporate cum Business Plan for Kotagiri Town Panchayat (på engelsk). Kotagiri: Government of Tamil Nadu. s. 80. 
  3. N.P.A Centenary Polytechnic, Kotagiri, arkivert frå originalen 14. juli 2011, henta 30. september 2018 

Bakgrunnsstoff

endre