Kramfors kommun
Kramfors kommune er ein svensk kommune som ligg i Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland. Kommunen har grensar mot nabokommunane Härnösand, Sollefteå og Örnskjöldvik. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Kramfors.
Kramfors kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västernorrlands län | ||
Landskap | Ångermanland | ||
Del av | Ångermanland, Q61663705, Q61663701 | ||
Areal | 1 785,08 km² | ||
• land | 1 694,76 km² | ||
• vatn | 90,32 km² | ||
Folketal | 18 817[1] (2011) | ||
Kramfors kommun 62°55′56″N 17°46′38″E / 62.932166666667°N 17.777166666667°E | |||
Kart som viser Kramfors kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Kramfors Municipality |
Geografi
endreKramfors kommune har ein sterkt innbukta kyst med mange øyar som fell bratt mot Austersjøen og Kvarken. I innlandet er det skogkledd morenelandskap. Kystområdet er ein del av verdsarvområdet Høga kusten, som er prega av sterk landheving. Ångermanälven renn gjennom kommunen og munnar ut i havet gjennom eit breitt estuar. Högakustenbron er ei hengebru over elva mellom Härnösand og Kramfors kommune, og har lengst bruspenn i Sverige. Sandöbron kryssar òg elva, og var mellom 1943 og 1964 den lengste betongbrua i sitt slag i verda.
E4 går gjennom kommunen. Kramfors er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Ådalsbanan. Kramfors-Sollefteå flyplass har daglege samband til Stockholm.
Tettstader
endreKramfors kommune hadde tolv tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Kramfors | 6 235 |
2. | Bollstabruk | 2 118 |
3. | Nyland | 945 |
4. | Frånö | 679 |
5. | Ullånger | 606 |
6. | Lunde | 431 |
7. | Lungvik | 425 |
8. | Docksta | 414 |
9. | Nordingrå | 335 |
10. | Mjällom | 326 |
11. | Klockestrand | 320 |
12. | Sandslån | 290 |
Folketalsutvikling
endreFolketalsutviklinga i Kramfors kommune | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1970 | 29 005 | |||
1980 | 26 611 | |||
1990 | 24 555 | |||
2000 | 21 382 | |||
2009 | 19 242 | |||
Kjelde: Statistiska centralbyrån - Folketall etter region og tid. |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kramfors kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.