Krapp (latin Rubia tinctorum) er ein fargeplante av krappslekta (Rubia) i maurefamilien (Rubiaceae). Røtene til planten kan nyttast til å produsera raudfarge. Krapp blei nytta som fargeplante allereie i oldtida i Midtausten kring 1500 f.Kr. og veks naturleg i vestlege Asia og deler av Europa.

Krapp
Krapp
Krapp
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Søteordenen Gentianales
Familie: Maurefamilien Rubiaceae
Slekt: Krappslekta Rubia
Art: Krapp R. tinctorum
Vitskapleg namn
Rubia tinctorum

Krapp har gule blomar og smale, lansettforma spisse blad. Planten er giftig.

I jordstengelen og røtene til planten finst glykosidet ruberytrin.[1] Når dette blir behandla med syrer blir det spalta til sukker og det raude fargestoffet alizarin eller krappraudt (8C14H8O4).

Fragment av klede farga med denne planten er funne frå Egypt i oldtida og dessutan i Pompeii og Korint. Planten er også nytta brukt som fargestoff til norske folkedrakter og bunader.[1]

Ein har også nytta krapp i folkemedisinen, mot slimhinnebetennelse, gikt, blærestein og nyrestein.[1]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre