Sorokine

(Omdirigert frå Krasnodon)

Sorokine eller Krasnodon er ein by i Luhansk oblast (provins) søraust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Sorokine rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Byen har kring 50 000 innbyggjarar. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.

Sorokine
ukrainsk Сорокіне, russisk Сорокино
Краснодон, Krasnodon
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Luhansk oblast
Koordinatar 48°18′0″N 39°44′0″E / 48.30000°N 39.73333°E / 48.30000; 39.73333
Areal 77,33 km²
Folketal 49 921  (2001)
Folketettleik 646 / km²
Grunnlagd 1914 som Sorokino
 •  Nytt namn 1938 som Krasnodon
Borgarmeister Juri Borisovitsj Baklagov[1]
Postnummer 94400
Retningsnummer +380 6435
Kart
Sorokine
48°18′00″N 39°44′00″E / 48.3°N 39.733333333333°E / 48.3; 39.733333333333
Kart som viser Sorokine.
Kart som viser Sorokine.
Kart som viser Sorokine.
Wikimedia Commons: Krasnodon
Nettstad: http://krasnodon.org.ua/

Busetnaden vart grunnlagd i 1914 langs breidda av Velikyj Kamjaniza, ei sideelv til Donets, som «Sorokino». Han vart eit av senetra for kolgruveindustrien i Donbass.

Under andre verdskrigen var byen okkupert av Nazi-Tyskland frå 20. juli 1942 til 14. februar 1943.

Kjelder

endre
  1. «Городской голова» (på russisk). Krasnodon Official City Page. Henta 19. mars 2009. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

endre