Krattbjørnebær
Status
Status i Noreg: VU Sårbar[1]
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Bjørnebærslekta Rubus
Art: Krattbjørnebær R. langei
Vitskapleg namn
Rubus langei

Krattbjørnebær (Rubus langei) er ein fleirårig art i bjørnebærgruppa i rosefamilien. Planten dannar ein busk som har årsskot med skarpe kantar, kraftige tornar og femkopla blad. Blomane er lyseraude og fruktsamlinga er svartraud.[2]

Arten er funnen i Danmark, England, Luxembourg, Nederland, Noreg og Tyskland.[3] I Noreg er krattbjørnebær berre funne i Aust-Agder, og er raudlista som sårbar i Noreg.[2]

Synonym for det vitskaplege namnet er Rubus villicaulis subsp. rectangulatus Focke, Rubus rectangulatus (Focke) Utsch, non Braeucker 1882 og Rubus villicaulis subsp. langei (Frid. & Gelert) Focke[4]

Kjelder endre

  1. http://data.artsdatabanken.no/Taxon/63389[daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 «Krattbjørnebær», Store norske leksikon, 29. november 2015 
  3. Rubus langei G. Jensen ex Frid. & Gelert, GBIF.org 
  4. Roskov Y., Kunze T., Orrell T., Abucay L., Paglinawan L., Culham A., Bailly N., Kirk P., Bourgoin T., Baillargeon G., Decock W., De Wever A., Didžiulis V. (ed) (2014). «Species 2000 & ITIS Catalogue of Life: 2014 Annual Checklist.». Species 2000: Reading, UK. Henta 26 May 2014.