Kratthumleblom

Kratthumleblom
Kratthumleblom
Kratthumleblom
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Slekt: Humleblom Geum
Art: Kratthumleblom G. urbanum
Vitskapleg namn
Geum urbanum

Kratthumleblom, benediktinarrot eller nellikrot er ei fleirårig urt i rosefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika.

Blome og borre.

Skildring og veksestadEndra

Planta vert kring 30-70 cm høg og har ein mjukhåra stengel med sprikjande greiner. Han har grøne begerblad og gule kronblad. Den nedre griffeldelen er fire gonger så lang som den øvre dunhåra delen. Frukta er ei slag lita nøtt med lange, krøkande hår som kan festa seg i pels og klede, slik at frøa blir spreidde.

Kratthumleblom blomstrar kring juni-juli i ur, turre stader i skogen og elles på solrike stader.

Planta finst i Noreg nord til Lofoten, og er funnen opp til 1000 m i Valdres. Ho er sjeldan i innlandet.

 
Botanisk teikning av kratthumleblom.

Kratthumleblom i kulturenEndra

Planta er blitt dyrka som nytteplante sidan mellomalderen. Kratthumleblom blei kalla benedicta ('den signa') av Hildegard av Bingen på 1100-talet, og blei rekna både som ei lækjande plante og ein amulett som kunne forvisa djevelen - rota til all sjukdom. Urtemedisinsk har planta mellom anna vore brukt ved problem med fordøyingssystemet.

Både rot og plantedelar blir brukte som ingrediensar i matlaging og brygging. Rota minner om kryddernellik i smak og lukt. Ho kan sankast om våren når ho inneheld mykje eterisk olje og brukast til avkok eller ekstrakt. Kratthumleblomrot har vore brukt til å smaksetja både øl, vin, snaps og likør. Plantedelane kan sankast i juli. Blada kan gje ein svak smak til salatar, supper eller stuingar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • «KRATTHUMLEBLOM», Urtekildens planteleksikon. Henta 22. juli 2014.
  • Geum urbanum, artsdatabanken.no
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • Svensk Wikipedia.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Kratthumleblom