Hildegard frå Bingen

(Omdirigert frå Hildegard av Bingen)

Hildegard von Bingen (16. september 109817. september 1179) var ei tysk abbedisse som òg blei kjend som forfattar, mystikar, lege og komponist. Ein snakkar gjerne om henne som den største kvinna frå mellomalderen, og ho blir kalla den heilage Hildegard, sjølv om ho aldri offisielt er blitt nokon helgen.

Hildegard frå Bingen

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket
Fødd ca. 1098
Bermersheim vor der Höhe
Død

17. september 1179 (81 år)
Kloster Rupertsberg, Bingen am Rhein

Yrke naturvitar, skribent, komponist, filosof, miniatyrmaler, lege, nonne, lyrikar, teolog, abbedisse, kunstnar
Språk latin, Lingua ignota, tysk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Hildegard frå Bingen på Commons

Ho var det yngste barnet i ein stor tysk adelsfamilie, og etter skikken blei ho som det tiande barnet straks lova bort til kyrkja. Allereie som treåring skal ho ha hatt dei første religiøse syna sine, men kvidde seg for å fortelja andre om dei. Det var først i 1141 at ho byrja å fortelja om opplevingane sine, og å skriva dei ned, etter å ha fått bod om det frå Gud og med godkjenning frå paven.

Hildegard var åtte år då ho blei send til Jutta, søster til greven Meinhard av Sponheim, som levde som einebuar nær det benediktinske munkeklosteret Disibodenberg. Rundt Jutta voks det opp eit lite samfunn av nonner, og då Jutta døydde i 1136 blei Hildegard vald til ny leiar.

Etter å ha overtalt den benediktarabbeden fekk ho lov til å grunnleggja eit nytt nonnekloster. Det blei bygd på Rupertsberg, nær Bingen. Klosteret eksisterte fram til det blei øydelagd under Trettiårskrigen. Hildegard grunnla eit kloster til, Eibingen, på andre sida av Rhinen i 1165, og kryssa elva to gonger i veka for å sjå til dette. Eibingen overlevte Trettiårskrigen, men blei nedlagt i 1803. I 1904 blei klosteret gjenoppretta som Benediktinerinnenabtei St. Hildegard i nye bygningar.

Som styrar for klosteret kom Hildegard i kontakt med fleire høgtståande personar, og brevveksla med fleire pavar, keisaren Fredrik Barbarossa og den heilage Bernhard av Clairvaux. Ho skreiv òg fleire bøker, om visjonane sine, medisin og musikk.

Frå Liber Divinorum Operum

I dei siste tiåra er musikken til Hildegard av Bingen blitt trekt fram. Han har eit dramatisk uttrykk med store utsving i melodiane, og Hildegard er truleg blitt den mest innspela komponisten frå før 1600. Ho skreiv mellom anna Ordo virtutem, ein slags svært tidleg opera, og Symphonia armonie celestium revelationum, ei samling åndelege songar.

Hildegard var ei uvanleg mektig kvinne for sin tid. Ho døydde i Rupertsberg, over 80 år gammal. Den katolske kyrkja feirar Hildegard på dødsdagen hennar, den 17. september. Ho er blitt saligerklært, men ennå ikkje kanonisert.

Verkliste endre

  • Scivias, 1141-1151
  • Liber simplicis medicinae eller Physica og
  • Liber compositae medicinae eller Causae et curae, 1152-1158
  • Liber vitae meritorum 1158-1163
  • Liber divinorum operum eller De operatione Dei, 1168-1173/74

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Hildegard frå Bingen