Krekling

Krekling


Nordleg krekling (nigrum)
Nordleg krekling (nigrum)

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Ericales
Familie: Ericaceae
Vitskapleg namn
Empetrum nigrum

Krekling eller krekebær (Empetrum nigrum) er ein liten, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien. Han er kjend for bæra sine med same namn, som er blåsvarte og kan etast. Planten trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog.

Kreklinggreiner med bær.

Krekling spreier seg utover i teppe, der buskane blir 10-25 cm høge og har mørkegrøn grunnfarge. Greinene og stenglane ligg nede på bakken eller bøyer seg litt oppover i endane. Blada er små, litt glatte/sukkulente, og sit i klasar langs mykje av stengelen. Dei nyaste skota er litt raudlege.

Blomane er små og raude, med tre gulgrøne begerblad og tre heilt raude kronblad. Ho- og hannplantane er separate.

I Noreg er arten svært utbreidd heilt opp til 1.800 m.o.h. I Nord-Noreg er bæra til krekling kjend som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eigner seg godt til å laga saft eller gelé. Dei inneheld mykje vatn og kan vera god for tyrsten når ein er på tur.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Empetrum nigrum