Kremler

soppslekt

Kremler er soppar i slekta Russula. Dei er kjennelege på traktliknande form og finst i fleire fargar. I likskap med riskene har dei ein sprø konsistens, men dei inneheld ikkje væske slik som riskene. Kremlene er utbreidd med kring 750 artar i temperert og i varmt klima over heile verda. I Norden finst minst 130 artar.

Kremler
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Russulales
Familie: Russulaceae
Slekt: Kremler Russula
Pers., 1797

Kremlene omfattar fleire artar som er brukande matsopp, som storkremle, mandelkremle og nøttekremle, men også fleire giftige artar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre