Krig og fred (russisk Война и мир, Vojna i mir) er ein historisk roman av Lev Tolstoj som kom ut i 1869. Han er vanlegvis rekna som det eine av dei to meisterverka til Tolstoj, saman med Anna Karenina.

Krig og fred
Война и мир

Forfattar(ar)Lev Tolstoj
Språkrussisk, fransk
Blei til1863
Sjangerromantisk fiksjon, historisk fiksjon, krigsfiksjon, filosofisk fiksjon
Utgjeven1869
ForlagThe Russian Messenger

Handlinga går føre seg frå 1805 til 1820 i eit russisk adelsmiljø under Napoleonskrigane og tek for seg fem russiske adelsfamiliar og dessutan ei stort mengd bipersonar. Boka skildrar napoleonstida sin innverknad på russisk overklasse og korleis russarane mobiliserer til forsvar under Napoleon sitt felttog i Russland i 1812. Delar av romanen er skriven på fransk, sidan dette var daglegspråket til overklassen i Russland før revolusjonen.

Persongalleri endre

 
Personar i Krig og fred

Omsetjingar og innspelingar endre

I 1885 blei den franske utgåva frå 1879 omsett til dansk. Edvard Brandes tok æra for omsetjinga, som i røyndomen var gjort av kona til Paul Gauguin, Mette Sofie Gad.[1] I 1884 førebudde Brandes oppstarten av avisa Politiken, og trong ein føljetong til henne. Brandes selde òg omsetjinga til Gustav Philipsens forlag, som gav ut romanen som hefte i subskripsjon. Mette Gauguin gjekk glipp av æra og blei attpåtil dårleg betalt, med berre kr 15,- per ark.[2]

I 1895–1896 kom den ut i ny utgåve omsett direkte frå russisk av Wilhelm Gerstenberg (1844–1912). I 1930–31 blei ho omsett til norsk av Erik Krag, og denne omsetjinga kom i ei rekkje utgåver. I 1967 kom det ei nynorsk utgåve i fire bind omsett av Arne Gallis, Bjarne Fidjestøl og Olav Rytter. Geir Kjetsaa nyomsette i ei utgåve utgjeven frå 2001 til 2004. I 1928 gav Nasjonalforlaget ut Tolstojs samla verk som minneutgåve med Krig og fred i seks bind, omsett frå russisk av Martin Gran.

Det er òg spelt inn ei lydbokutgåve lesen av Magnus Grønneberg og ei komplett lydbokutgåve på 28 timar lesen av Anders Ribu. I 1977 blei Krig og fred sett opp som teaterstykke på Rogaland Teater.

Filmatiseringar endre

Boka er blitt filmatisert fleire gonger. Ein sovjetisk versjon frå 1966-7 regissert av Sergej Bondartsjuk er åtte timar lang og vann ein oscarpris i kategorien beste utanlandske film. Den best kjende vestlege filmversjonen er ein Hollywoodversjon frå 1956 med Audrey Hepburn og Henry Fonda.[3][4][5] I 1972 laga BBC ein dramaserie på tjue episodar med Antony Hopkins i hovudrolla som Pierre.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Krig og fred