Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige

(Omdirigert frå Kristian I)

Kristian I (februar 142621. mai 1481)[2] var den fyrste av Oldenburgarane som var konge av Noreg og Danmark.

Christian I

Konge av Danmark, Noreg og Sverige
RegjeringstidDanmark: 1. september 144821. mai 1481
Noreg: 3. juni 144921. mai 1481
Sverige: 23. juni 14571464[1]
Fullt namnChristian av Oldenburg
Føddfebruar 1426
FødestadByen Oldenburg
Død21. mai 1481
DødsstadKøbenhavns slott
GravstadRoskilde domkyrkje
FøregangarDanmark: Kristoffer av Bayern

Noreg: Karl I

Sverige: Jøns Bengtsson Oxenstierna;
Erik Axelsson Tott (riksforstanderar)
EtterfølgjarDanmark: Hans I

Noreg: Interregnum

Sverige: Kettil Karlsson Vasa (riksforstandar)
Gift medDorothea av Brandenburg
DynastiFyrstehuset Oldenburg
FarDidrik den lykkelige
MorHedvig av Holstein
BornOluf av Danmark, Knud av Danmark, Hans av Danmark, Noreg og Sverige, Margrete av Danmark, Fredrik I av Danmark-Noreg

Liv og virke

endre

Han var konge av Noreg i tidsrommet 1450 til 1481, av Danmark frå 1448 til 1481 og av Sverige frå 1457 til 1464. Etter at Kristoffer av Bayern brått døydde barnlaus, stod den skøyre Kalmarunionen utan konge og utan naturlege arvingar til trona. Det danske riksrådet tilbaud fyrst trona til hertug Adolf VIII av Sønderjylland, men han meinte at grev Kristian av Oldenburg var ein mykje betre kandidat til trona. Riksrådet hadde problem med å få godkjend Kristian som konge i Noreg, og Sverige sprengde Kalmarunionen i 1448 ved å velja Karl I Knutsson Bonde til konge. I 1449 vart Kristian gift med Kristoffer av Bayern si 18-årige enkje, Dorothea av Brandenburg.

I 1449 krona den norske erkebiskop Aslak Bolt Karl I Knutsson til konge av Noreg. Det norske riksrådet hadde vald Kristian til konge. På Halmstadmøtet i 1450 vart ein samde om at Kristian skulle stø opp om Karl Knutsson sitt krav på Sverige. Som motvekt fekk Kristian verta konge av Noreg. I tillegg vart det avtala at den som levde lengst skulle overta trona til den andre. Karl Knutsson starta i 1452 krig mot Danmark og gjekk til åtak på Skåne. Etter fem års krig vart Kristian i 1457 krona i Uppsala som konge av Sverige. Kristian sin son, Hans (kong Hans I), vart i 1458 vald til tronfylgjar og arving til Sverige og Noreg. Karl Knutsson vart avsett og måtte flykta til Danzig.

To kongar, Hans I og Fredrik I var søner av Kristian I. I tillegg vart dottera Margrete dronning av Skottland, gift med kong Jacob III av Skottland.

I samband med giftarmålet pantsette Kristian I Orknøyane og Shetlandsøyane. Slik fekk han råd til å betala medgifta. Pantet vart aldri innløyst, og slik kom øyane inn under den skotske krona.

Kjelder

endre
  1. Kjell Kumlien. «Kristian I» (på svensk). Svenskt biografiskt lexikon. Henta 21. januar 2024. 
  2. «Christian 1.» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige