Kristian Rikardsen Løken (31. juli 1884mars 1961) var ein norsk krigar frå Elverum i Hedmark.

Kristian Løken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. juli 1884
Elverum
Død

mars 1961

Yrke språklærer
Språk norsk

Løken vart premierløytnant i 1906. Året etter tok han teneste i det belgiske Force Publique i Kongo. Etter eit opphald 1909-11 heime i Kristiania, gjekk han atter i belgisk krigsteneste. I tida 1914-17 deltok han i felttoget mot tyske kolonistyrkar i Aust-Afrika, fyrst som kompanisjef, sidan som bataljonssjef.

Etter 1. verdskrigen melde Løken seg til teneste for norske militære. Han vart utnemnd til sjef for Krigsskulen i 1932, frå 1939 var han oberst og sjef for Sør-Hålogaland infanteriregiment. Under krigen i Nord-Noreg i april-juni 1940 var Løken brigadesjef.

I 1943 var Løken ein av om lag 1100 norske militær-offiserar som vart arresterte og sende som krigsfangar til Tyskland. Han sat i fangeleir til Nazi-Tyskland kapitulerte i mai 1945.

Kjelder endre