Kristian Mustad

norsk politikar

Kristian Mauritz Mustad (28. februar 184827. desember 1913) var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Vardal i Oppland. Ole Mustad var far hans.

Kristian Mustad
Fødd28. februar 1848
Vardal
Død27. desember 1913 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, advokat
FarOle Hovelsen Mustad

Mustad vart student frå Lillehammer skole i 1866 og cand. jur. i 1872. Han var frå 1881 overrettssakførar i Aurdal, sidan i Vardal. I årevis var han medlem av heradsstyret.

Han var stortingsrepresentant for Kristians amt frå 1883 til 1894. Heile tida var han medlem av Lagtinget. Attåt var han 1883-85 medlem av justiskomiteen, 1886-88 av justiskomite nr 2, samt 1889-94 sekretær i justiskomiteen. Mustad var i 1883-84 medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet. Også medlem av vitnekomiteen til riksretten.

Han døydde i Vardal i 1913.

KjelderEndra