Kristin Ørmen Johnsen
norsk politikar
Kristin Ørmen Johnsen (fødd 8. mars 1953) er ein norsk politikar (H) som er representant for Buskerud på Stortinget i perioden 2013-2017. Her er ho medlem i Valkomitéen og Helse- og omsorgskomitéen.[1]
Kristin Ørmen Johnsen | |||
Kristin Ørmen Johnsen Foto: Kjetil Ree | |||
Fødd | 8. mars 1953 (71 år) Bærum kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Leiar av Buskerud Høgre 8. mars 2014– | ||
Føregangar | Morten Eriksrød | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1. oktober 2013– | ||
Verv | Statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet 26. oktober 2001–16. januar 2004 | ||
Alle verv |
|
Kristin Ørmen Johnsen er utdanna sjukepleiar, og har m.a. jobba ved sjukehus i Dublin. Ho har mastergrad i organisasjon og leiing. Sidan 2004 har ho sete som rektor ved Høgskolen i Buskerud. Tidlegare har ho vore både dekan og prorektor ved HiBu.[2]
Ho har lang politisk karriere med erfaring frå både Drammen Høgre og Buskerud Høgre sidan 1990-talet.[3] Frå 2001-2004 jobba ho som statssekretær for Erna Solberg i regional- og kommunaldepartementet på Stortinget.[2]
Fotnotar
endre- ↑ Biografi på Stortinget.no
- ↑ 2,0 2,1 Hoyre.no: Bli kjent med Kristin Ørmen Johnsen
- ↑ Profil på Hoyre.no, arkivert frå originalen 29. oktober 2013, henta 28. oktober 2013