Kristin Lyhmann

norsk skodespelar

Kristin Lyhmann (fødd 12. september 1943) er ein norsk teaterhistorikar og forfattar, fødd i Drammen. Ho tok magistergraden i teatervitskap ved Universitetet i Oslo i 1986 på ei avhandling om Suttungteatret. Frå 1986 til 1991 var ho amanuensis ved Institutt for teatervitenskap ved Universitetet i Oslo, og i åra 1994–1997 ved Høgskolen i Oslo. I 1998 vart ho førsteamanuensis ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Østfold.

Kristin Lyhmann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1943 (80 år)
Drammen kommune
Yrke skodespelar, skodespelforfattar
Ektefelle Gudmund Groven

Frå 1960-talet og fram til 1986 engasjerte ho seg i Suttungteatret som skodespelar og instruktør. Ho har dessutan sett opp kyrkjespel og drive barneteaterskule, skrive artiklar om teater- og forteljarkunst, skrive diktsamlingar og teatermanus for skuggespel, for vandreteater, lokalhistorisk friluftsteater og anna, og var medredaktør for bokverket Eventyr fra jordens hjerte frå 2007 (Bazar forlag). Saman med ektemannen, Gudmund Groven, skipa ho i 2009 Nes Lenseteater, og har skrive manus til framsyningar på dette teateret, som har tilhald på Nes Lensemuseum attmed Glomma i Skiptvet kommune.

Bakgrunnsstoff endre