Kristine Moody (fødd 27. mars 1972) er ein norsk redaktør og journalist oppvaksen i Oslo, som er best kjend som kortvarig redaktør av bladet Memo i 2006.

Kristine Moody
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1972 (51 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist
Medlem av Amnesty International

Av utdanning har ho ein mastergrad i historie frå Edinburgh University, med spesialfelt krigshistorie 1300–1500-talet. Før ho vart tilsett i Memo, var ho trainee i Financial Times i London, aksjekommentator for fjernsynskanalen CNBC, og journalist og assisterande redaksjonssjef i Kapital.

Ho er dotter av den kjende investoren Svein Haga, og styremedlem i investeringsselskapet hans Turramurra.[1]

Kritikk og kontroversar endre

Moody vart i mars 2006 tilsett som redaktør i det nystifta bladet Memo, men trekte seg allereie som redaktør i september same år grunna at dei tilsette var misnøgde med leiarstilen hennar og korleis ho framstod i det offentlege.[2] Memo vart nedlagt av eigaren Dagbladet rett etterpå.

Moody vart av eigarane, dei tilsette og mange lesarar oppfatta som kontroversiell etter å ha uttrykt støtte til USA sin invasjon av Irak. I eit intervju i samband med Irak-krigen sa ho mellom anna at ho meinte det var verre at folk vart forfølgde grunna samvit eller politisk meining, enn at dei vert ramma av ei bombe fordi dei var på feil stad til feil tid. Det vekte også oppsikt og debatt då ho støtta trykkinga av dei mykje omtala Muhammed-karikaturane, samt då ho i den aller fyrste leiarartikkelen i Memo skreiv at «noen ganger er vestlige verdier best».

Moody vart også felt av PFU etter at ho på framsida av det fyrste nummeret kalla ein tilfeldig deltakar frå ein demonstrasjon mot publisering av Muhammed-karikaturane for ei «sosial bombe».[3] Den fornærma truga med søksmål overfor bladet og Moody.

Ho vart på nytt truga med søksmål då ho forsvarte ein artikkel i bladet som hevda at Ellen Kathrine Lie, vinnaren av SkaperenTV 2, ikkje var oppfinnaren av produktet ho vann det populære røyndomsdramaet med, men berre er importør av eit koreansk produkt.[4] Advokat John Christian Elden og PR-byrået JKL Oslo, som arbeidde for vinnaren av Skaperen på TV 2, meinte Memo si sak om juks var ein planta «skitpakke», noko redaktøren nekta for.[5]

I det siste nummeret av Memo, som aldri kom ut, var planen å ha ein artikkel som var sterkt kritisk til både det norske rettsvesenet og den norske pressa, i samband med avsløringane av norske justismord, med fokus på Moen-saka.

Fotnotar endre

  1. Dagens Næringsliv 2. mai 2007: «Børspessimist tapte millioner»
  2. Tora Morset (7. september 2006). «Moody går av». Dagbladet.no. 
  3. [1]
  4. [2][daud lenkje]
  5. [3]

Bakgrunnsstoff endre