John Christian Elden

norsk advokat og politikar

John Christian Elden (fødd 2. juli 1967) er ein norsk advokat med møterett for Høgsterett og politikar for Høgre. Både faren hans John Elden og grandonkelen hans O.C. Gundersen, som tidlegare hadde vore norsk handels- og sjøfartsminister, var juristar.[1]

John Christian Elden

Fødd2. juli 1967 (56 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeadvokat, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021) Sjå dette på Wikidata
Grava til Fritz Moen, med Elden til høgre som var forsvarar under gjenopptakingssaka og privatetterforskar Tore Sandberg til venstre.

John Christian Elden har vore forsvarar i ei rekkje profilerte straffesaker, der han mellom anna engasjerte seg i gjenopptakinga av Moen-saka der dobbeltdrapsdømde Fritz Moen etter over 20 år fekk opp saka si opp att på 2000-talet – og vart frikjend. Saka vart kjend som eit av dei verste justismorda i norsk historie.[2]

Liv og virke endre

Politikk endre

I ungdoms- og studietida var Elden formann i Ullern Unge Høgre i 1981, leiar av Oslo gymnasiastutval, formann i Det Norske Studentersamfund i 1987 og leiar av Studenttinget i Oslo i 1990. I tillegg var han medlem av Oslo bystyre for Høgre frå 1988 til 1991. Frå 2007 til 2010 var han medlem av Vestre Aker bydelsutval, og i perioden mellom 2011 og 2013 var han overformyndar i Oslo kommune.

I perioden mellom 2013 og 2017 var Elden den sjette vararepresentanten for Høgre til Stortinget frå Oslo, og møtte to dagar hausten 2015.[3] Frå 2017 til 2021 var han den åttande vararepresentanten for Høgre i Oslo.[4]

Utdanning endre

Elden avla juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1991. Han fekk advokatløyve i 1993, og møterett for Høgsterett i 1999. Han var økonomisjef i Noregs Gymnasiastsamband og Operasjon Dagsverk 1985–1987, stortingsjournalist for Høgre 1987–1988, konsulent i Studentsamskipnaden i Oslo i 1991, vitskapleg assistent ved Universitetet i Oslo 1991–1992. John Christian Elden vart advokatfullmektig hjå faren sin advokat John Elden 1991–1993 i Elden Advokatfirma. Elden har òg teke sjefskurset ved Forsvarets Høgskole.[5][6]

Yrke endre

John Christian Elden vart partnar i Advokatfirmaet Elden frå 1993, fast forsvarar i Oslo tingrett frå 2000, og fast forsvarar i Borgarting lagmannsrett frå 2000. I 2020 vart han fast forsvarar i høgsterett.[6]

John Christian Elden har vore forsvarar i ei rekkje profilerte straffesaker. I tillegg til å ha vore forsvarar for Fritz Moen i Moen-saka, har Elden også vore forsvarar for Erling Havnå i NOKAS-saka, for Eirik Jensen i Cappelen–Jensen-saka, og for Laila Bertheussen i Bertheussen-saka.[7]

Etter masseskytinga i Oslo 2022 vart Elden oppnemnd som forsvarar for sikta Zaniar Matapour.[8]

NOU-rapportar endre

Elden har teke del i to regjeringsoppnemnde utval for å drøfta bruken av politimetodar, og var med på å overlevera utvalsrapporten NOU 2009:15 Skjult informasjon – åpen kontroll — Metodekontrollutvalgets evaluering av lovgivningen om politiets bruk av skjulte tvangsmidler og behandling av informasjon i straffesaker.[9] Han var òg medlem av eit utval som vart skipa for å drøfta juryordninga i Noreg; dette utvalsarbeidet resulterte i rapporten NOU 2011:13 Juryutvalget — Når sant skal skrives.[10]

Andre verv endre

Elden er mest kjent som skrankeadvokat, men han hatt andre verv som prosjektsekretær under Europarådet (FEIS) i Paris. I tillegg har han teke del i US State Department IV Leadership Program i 2005. Ytterligare har han vore medlem av hovudstyret i Den Norske Advokatforening frå 2006 til 2010, og dessutan lovutvalet for strafferett og straffeprosess frå 2004. Vidare har han førelese ved Politihøgskolen, Kripos, Juristforbundet og dei juridiske fakulteta på ymse universitet. Elden er fagansvarleg for strafferett og straffeprosess i Store norske leksikon,[11] og dessutan Gyldendal Rettsdata og frå 2007 til 2013 har han vore redaktør av Rettens Gang. Frå 2014 er han redaktør med ansvar for strafferett og straffeprosess hjå Lovdata. Han er leiar av kontrollkomitéen i forretningsbanken Bank2 ASA frå 2005. Han er fast juridisk rådgjevar for Elitehockey og dommarutvalet i Norges Ishockeyforbund og dessutan for Elevorganisasjonen i Noreg.[12] Elden var òg jusskommentator frå 2015–2021 i programmet Åsted NorgeTV 2.[13][5]

Prisar og utmerkingar endre

Han er kommandør av Den Gyldne Gris, som er Det Norske Studentersamfunds parodi på ordensvesenet,[14] og æresborgar av staten Nebraska i USA.[15]

I 2001 vart Elden kåra til Noregs fremste forsvarsadvokat av Dagbladet.[16][17]

Elden vann kåringa om årets advokatprestasjon i 2014, ei kåring arrangert av Finansavisen, for arbeidet sitt med Røeggen-saka som vart vunne mot DNB i Høgsteretts storkammer.

Kjelder endre

  1. «Engasjer deg!», artikkel i Nettavisen 14. mai 2008
  2. Kjartan Brügger Bjånesøy: Førsteforsvareren - portrettintervju i Aftenposten/Lørdag 31. oktober 2020
  3. Dagens næringsliv 2.10.2015.
  4. «Elden, John Christian (1967-)» (på norsk bokmål). Henta 27. juni 2022. 
  5. 5,0 5,1 «John Christian Elden», Bidragsytere i Store norske leksikon (på norsk), henta 9. mars 2023 
  6. 6,0 6,1 «John Christian Elden - Elden Advokatfirma AS», Norsk (på norsk bokmål), henta 9. mars 2023 
  7. Drapssak med flyktning ble gjennombruddet for John Christian Elden. Nettavisen. Besøkt 25. oktober 2020.
  8. Pedersen, Jørn Normann; Sørheim, Kristine (25. juni 2022). «Zaniar Matapour (42) er siktet for terror og drap» [Zaniar Matapour (42) Accused of Terror and Murder]. Avisa Oslo. 
  9. «NOU 2009: 15» (på norsk). Justis- og politidepartementet. 26. juni 2009. Henta 16. august 2022. 
  10. «NOU 2011: 13» (på norsk). Justis- og politidepartementet. 17. juni 2011. Henta 16. august 2022. 
  11. «Straffeprosess» (på norsk bokmål). Henta 24. november 2021. 
  12. Winther, John Magne Johansen (24. april 2009), «John Christian Elden», NRK (på norsk bokmål), henta 9. mars 2023 
  13. Malm, Mari Sand (26. januar 2016). «John Christian Elden om «Åsted Norge»: - Min oppgave er å være djevelens advokat» (på norsk). Henta 24. november 2021. 
  14. «Presensliste». Henta 16. august 2022. 
  15. Elden, John Christian (13. juni 2013). «Om Desker, Datamaskiner og Djevelskap» (på norsk). Henta 24. november 2021. 
  16. «Ekstern presseomtale: John Christian Elden». Elden DA. Arkivert frå originalen 12. august 2014. Henta 10. august 2014. 
  17. «Norges 15 beste advokater». Dagbladet. 10. juli 2001. Henta 10. august 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: John Christian Elden