SS «Statsraad Lehmkuhl»

(Omdirigert frå Statsraad Lehmkuhl)
SS «Statsraad Lehmkuhl» ved kai i Oslo.

SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet, som er ein tremasta bark, vart bygd i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip for den tyske handelsflåten. Under den fyrste verdskrigen vart skipet teke av Storbritannia som krigsbytte. Skipet vart i 1921 kjøpt av tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart då oppkalla etter Lehmkuhl. Med unnatak av under andre verdskrigen har skipet seinare vore Bergen sitt skuleskip. Skipet vert òg nytta som skuleskip av Sjøkrigsskulen og Befalsskulen for Sjøforsvaret. Sjøforsvaret nyttar skipet til lengre tokt mellom anna til Kanariøyane og Karibia. I dei periodane SS «Statsraad Lehmkuhl» vert nytta av Sjøforsvaret vert skipet gjort om til KNM «Statsraad Lehmkuhl».

Tekniske dataEndra

SøsterskipEndra

Statsraad Lehmkuhl har tre systerskip:

  • Dar Pomorza (Opphavleg Prinzess Eitel Friedrich)
  • Duchesse Anne (Opphavleg Großherzogin Elisabeth)
  • Schulschiff Deutschland

The Tall Ships RacesEndra

«Statsraad Lehmkuhl» har fleire gonger deltatt i The Tall Ships Races, som er ein regatta for store seglskuter. Regattaen var tidlegare kjent som «The Cutty Sark Tall Ships' Races».

Resultat The Tall Ships RacesEndra

År Fra Til Plassering
1960   NOR Oslo   BEL Ostende Gull
1964   POR Lisboa   Bermuda Bermuda 6. plass
1966   UK Falmouth   DEN Skagen Bronse
1970   UK Plymouth   ESP Tenerife Sølv
1993   UK Newcastle   NOR Bergen Gull
1993   NOR Larvik   DEN Esbjerg Gull
1997   UK Aberdeen   NOR Trondheim Gull
1997   NOR Stavanger   SWE Göteborg Bronse
1999   FRA St. Malo   UK Greenock Bronse
1999   UK Lerwick   DEN Aalborg Sølv
2001   BEL Antwerpen   NOR Ålesund 5. plass
2004   BEL Antwerpen   DEN Aalborg 5. plass
2004   NOR Stavanger   GER Cuxhaven 4. plass
2007   DEN Aarhus   FIN Kotka Gull
2009   FIN Åbo   Litauen Klaipėda Sølv
2010   BEL Antwerpen   DEN Ålborg Sølv
2011   UK Lerwick   NOR Stavanger Sølv
2013   DEN Aarhus   FIN Helsingfors Gull
2013   Latvia Riga   POL Szczecin Gull

BakgrunnsstoffEndra