Opna hovudmenyen

Mary (fødd Mary Elizabeth Donaldson5. februar 1972 i Hobart) er kronprinsesse av Danmark, grevinne av Monpezat og yngste dotter av John Dalgleish Donaldson og Henrietta Clark Donaldson. Kronprinsesse Mary er bachelor i jus og økonomi.

Mary
Royal Wedding Stockholm 2010-Konserthuset-391 cropped.jpg
Kronprinsesse Mary av Danmark (2010)
FøddMary Elizabeth Donaldson
1972-02-055. februar 1972
HobartTasmania i Australia
TittelKronprinsesse av Danmark
Alle titlarKronprinsesse av Danmark
Grevinne av Monpezat
Fullt namnMary Elizabeth
LandDanmark
MorHenrietta Clark Donaldson
FarJohn Dalgleish Donaldson
EktefelleFrederik av Danmark
BarnChristian av Danmark, Isabella av Danmark, Vincent av Danmark, Josephine av Danmark

EkteskapEndra

8. oktober 2003 gav dronning Margrethe II av Danmark det offisielle løyvet sitt til at kronprins Frederik av Danmark kunne gifte seg med han på det tidspunktet australsk-britiske statsborgaren Mary Elizabeth Donaldson. Paret vart vigde i Københavns domkyrkje 14. mai 2004.

BornEndra

  • 25. april 2005 vart det annonsert at kronprinsparet venta det første barnet sitt. Laurdag 15. oktober 2005 klokka 01:57 fødde kronprinsessen ein velskapt son, Christian Valdemar Henri John, med ei vekt på 3500 gram, og ei lengd på 51 cm.
  • 26. oktober 2006 kunngjorde det danske hoffet at kronprinsessen var gravid med hennar andre born. Kronprinsessen vart innlagt 21. april 2007 på Rigshospitalet i København. Mary fødde laurdag 21. april 2007 kl 16.02 ein velskapt dotter. Ho vog 3350 gram og var 50 cm lang. Prinsessa er den første prinsessa fødd i Danmark sidan 1946. Ho fekk ved dåpen 1. juli 2007 namnet Isabella Henrietta Ingrid Margrethe.
  • Laurdag 8. januar 2011 vart det meldt at ho same dag hadde fødd tvillingar, ein 47 centimeter lang gut på 2684 gram, og ein 46 centimeter lang jente på 2554 gram. Guten vart fødd kl 10:30 og jenta vart fødd 26 min seinare, kl 10:56. Dei fekk ved dåpen 14. april 2011 namna Vincent Frederik Minik Alexander og Josephine Sofia Ivalo Mathilda.

Namn og titlarEndra

  • 1972–2004: Frøken Mary Elizabeth Donaldson
  • 2004–2008: Kronprinsesse Mary Elizabeth av Danmark
  • 2008–i dag: Kronprinsesse Mary Elizabeth av Danmark, grevinne av Monpezat

BakgrunnsstoffEndra