Margrethe II av Danmark
Margrethe II (fødd 16. april 1940) er dotter av Frederik IX og dronning av Danmark frå 14. januar 1972 til 14. januar 2024. Ho valde sjølv å abdisera,[1][2] Frederik X er etterfylgjaren hennar.
Margrethe II | |||
| |||
Regjeringstid | 14. januar 1972—14. januar 2024 | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid | ||
Fødd | 16. april 1940 | ||
Fødestad | Amalienborg | ||
Gift med | Henrik av Danmark | ||
Dynasti | Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, House of Laborde de Monpezat | ||
Motto | Guds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke | ||
Far | Fredrik IX av Danmark | ||
Mor | Ingrid av Danmark | ||
Born | Frederik X av Danmark, Joachim av Danmark |
Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid blei fødd i 1940, like etter at tyske styrkar hadde invadert Danmark. Åra gjekk, utan at foreldra, kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid, fekk ein son som kunne vera tronarving. Den yngre broren til kongen, Knud, var arveprins, og etter han den eldste sonen hans, Ingolf.
I ein del år hadde Folketinget vurdert å endra den danske grunnlova, men hadde late det bli med tanken, ettersom ei endring kravde at 45 % av folket med stemmerett skulle stemma for henne. Statsminister Erik Eriksen fekk idéen om å ta kvinneleg arvefølgje med i endringa, slik at fleire ville røysta for. Sjølv om stort sett heile Folketinget var for endringa, og trass i den store populariteten til kongehuset, blei endringa berre såvidt vedteken, med 46 % deltaking. Tronfølgjelova av 1953 førte til at prinsesse Margrethe blei den første i arvefølgja.
Margrethe II høyrer til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.
Mellom ordenane hennar høyrer også Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden med.
Titlar
endre- 1940–1944: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark og Island
- 1944–1972: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark
- 1972– : Dronning Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid II av Danmark
Galleri
endre-
Dronning Margrethe IIs monogram
-
Prins Henrik og Dronning Margrethe IIs fellesmonogram
-
Dronning Margrethe II på eit færøysk frimerke
-
Laura Bush, George W. Bush, Dronning Margrethe II og Prins Henrik, 5. juli 2005
-
Dronning Margrethe II og Prins Henrik ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010
Kjelder
endre- ↑ Silja Björklund Einarsdóttir; Kristian Elster; Olav Døvik & Espen Alnes. «Dronning Margrethe av Danmark abdiserer» (på norsk bokmål). NRK. Henta 14. januar 2024.
- ↑ Paaske, Emma Rønberg; Jespersen, Knud J.V.: Margrethe 2. - dronning af Danmark i Den Store Danske på lex.dk. Henta 14. januar 2024.