Krossfararstatane

(Omdirigert frå Krossfararstat)

Krossfarerstatane var føydalstatar oppretta av krossfararar under krosstoga frå 1000- til 1200-talet. Statane var styrte av vesteuropearar, og fanst hovudsakleg i det austlege middelhavsområdet.

Kart over Midt-Austen med krossfararstatar avmerkte i grønt.

Kronologi endre

Reconquista, 'gjenerobringa' av den iberiske halvøya frå maurarane, føre til opprettinga av mange mindre katolske rike. Bortsett frå kongedømet Valencia blir ikkje desse kalla krossfararstatar.

Første krosstoget endre

Like etter det første krosstoget blei det oppretta fire krossfarerstatar i Levanten:

Tredje krosstoget endre

Under det tredje krosstoget blei Kongedømet Kypros oppretta. Rikard Løvehjerte erobra Kypros mens han var på veg til Det heilage landet, og øya blei styrt av etterkomarane av kongane av Jerusalem heilt til 1489.

Fjerde krosstoget endre

Under det fjerde krosstoget blei delar av det bysantinske riket delt i fem statar:

Det fjerde krosstoget hadde erobringa av Konstantinopel som mål, for å endra tilknytinga til byen frå ortodoks til katolsk kristendom. Før dette blei gjennomført blei dei erobra av Keisarriket Nikea i 1261. Dei andre krossfararstatane blei erobra av Det osmanske riket. I tillegg oppretta venetianarane Hertugdømet Arkipelaget i Egearhavet etter fjerde krosstoget. Thessaloniki og Det latinske imperiet blei teke av bysantinarane. Etterkomarar av krossfararane styrte Athen og Peloponnes/Morea inntil 1400-talet, då området blei teke av osmanarane.

Nordlege krosstog endre

Under dei nordlege krosstoga oppretta Den tyske ordenen ein stat som seinare blei til Preussen.

Kjelder endre