Koordinatar: 59°21′49.0″N 8°09′14.5″E Krossli er ei lita bygd heilt sør i Tokke kommune i Vestfold og Telemark. Bygda ligg der Fv355 og Fv38 møtest, og der dei tre kommunane Tokke, Fyresdal og Kviteseid møtest. Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Austheii og Bandaksli i Tokke og Skredosen og Vråliosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar.