Hauggrend
Koordinatar: Hauggrend er ei lita bygd heilt nord i Fyresdal kommune i Vestfold og Telemark. Bygda ligg langs Fv355 med Skreevatnet på venstre side og er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Krossli, Austheii og Bandaksli i Tokke og Skredosen og Vråliosen i Kviteseid. På grunn av kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Samkvemmet med nabobygdi Veum/Øyane nokre få kilometer lenger sørover Fyresdalen er viktig det òg. Desse bygdene delte tidlegare skule, Hauggrend-Veum skule og barnehage, før denne vart lagt ned på slutten av 1990-talet.
I lokali til den tidlegare Landbruksskolen på Foldsæ er det i dag ein vidaregåande Steinerskule i drift. Bygdi har i tillegg nærbutikk, mekanisk verkstad, campingplass og landsbypub.