Krutbrennar
Krutbrennar | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Neotinea | ||
Art: | N. ustulata | ||
Vitskapleg namn | |||
Neotinea ustulata
(Linné) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Eurasia |
Krutbrennar (Neotinea ustulata) er ei plante i krutbrennarslekta Neotinea i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.
Systematikk
endreKrutbrennar var tidlegare rekna til vårmarihandslekta Orchis med namnet Orchis ustulata,[2] men er, saman med fleire andre artar, flytta til slekta Neotinea.[3][4]
Arten har to økotypar som skil seg frå kvarandre i storleik og blømingstid.[5] Båe varietetane er kjende frå Danmark og Storbritannia:[6][7]
Utbreiing
endreI Sverige (svensk namn krutbrännare) finst arten først og fremst på Öland og Gotland, der han er ganske vanleg, og arten har òg nokre funnstader på fastlandet. Arten er rekna som livskraftig (LC).[10]
I Danmark (dansk namn bakkegøgeurt) har krutbrennar vore kjend frå ein funnstad nord på Jylland. Arten er rekna som kritisk truga (CR), og er kanskje utgått.[6]
Krutbrennar (engelsk namn burnt orchid) veks spreidd i England og Wales, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[11] I den britiske raudlista har arten status som sterkt truga (EN).[12] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England[13] og kritisk truga (CR) i Wales.[14]
I Estland (estisk namn tõmmu käpp) veks krutbrennar spreidde stader på øyane og i nord og er rekna som sterkt truga (EN).[15] I Latvia (latvisk namn deguma dzegužpuķe)[16] er arten sjeldan og er klassifisert som sårbar (kategori 2 – retas sugas).[17] I Litauen (litauisk namn smulkiažiedė gegužraibė) har arten berre nokre få veksestader med små populasjonar og er rekna som kritisk truga (CR).[18][19]
I Benelux er arten (nederlandsk namn aangebrande orchis, fransk namn orchis brûlé) borte frå dei siste veksestadene i Limburg i Nederland, sist funnen der i 1952. I Flandern i Belgia var han borte alt før år 1900, medan han framleis har eit par veksestader i Vallonia.[20][21] I den nederlandske raudlista er arten rekna som regionalt utdøydd (RE, verdwenen uit Nederland).[22] I Belgia er han rekna som regionalt utdøydd (RE, regionaal uitgestorven) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[23][24] I Luxembourg er han òg rekna som regionalt utdøydd (RE).[25]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar krutbrennar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 723. ISBN 82-521-3754-7.
- ↑ Horst Kretzschmar, Wolfgang Eccarius, Helga Dietrich (2007). The Orchid Genera Anacamptis, Orchis and Neotinea. Albersdorf, Tyskland: EchinoMedia. ISBN 978-3937107127.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre krutbrennar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8.
- ↑ 6,0 6,1 «Naturbasen: Bakkegøgeurt Neotinea ustulata». Naturbasen. Henta 28. februar 2022.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «PoWO: Neotinea ustulata var. ustulata». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023.
- ↑ «PoWO: Neotinea ustulata var. aestivalis». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023.
- ↑ «Artfakta: Neotinea ustulata krutbrännare». Artdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Orchis ustulata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: deguma dzegužpuķe» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 54-55. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 413. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Neotinea ustulata». FLORON. Henta 21. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: HAangebrande orchis – Neotinea ustulata». Waarnemingen.be. Henta 21. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
</references>
Bakgrunnsstoff
endre- (no) krutbrennar hos Artsdatabanken
- (en) krutbrennar i Encyclopedia of Life
- (en) krutbrennar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) krutbrennar hos Dyntaxa
- (en) krutbrennar hos NCBI
- (en) krutbrennar hos The International Plant Names Index
- (en) krutbrennar hos Tropicos
- (en) Kategori:Neotinea ustulata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Neotinea ustulata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Neotinea ustulata – detaljert informasjon på Wikispecies