Krysslamming (fagspråk paralytisk myoglobinuri), også kjend som påskesjuke, Monday morning disease eller søndagssjuke, er ein sjukdomstilstand hos hest som oppstår når hestar får normal kraftfôrmengd i perioder med lite eller ingen aktivitet.[1] Dette fører til opphoping av glykogen i muskulaturen som blir brote ned og dannar store mengder mjølkesyre når hesten kjem i aktivitet igjen.[2] Denne opphopinga av mjølkesyre kan føra til store muskelskader på muskulaturen i krysset og låra.

Symptom endre

Ein hest med krysslamming blir stiv og ustø i bakparten. Ofte vil hesten helst ikkje røre seg. Ved meir alvorlege tilfelle kan hesten knekka saman og gå over ende, svetta mykje og visa teikn på smerte. Han har harde og opphovna musklar, og kan ha like symptom som ved kolikk. Urinen blir mørk på grunn av utskilling av muskelfargestoff. For å konstatera krysslamming kan ein ta blodprøve. Denne vil då visa opphøgde verdiar av enzyma ASAT og CK.[3]

Årsaker endre

Det kan vere fleire årsaker til krysslamming. Hestar i hard trening kan vere utsett for krysslamming dersom dei vert ståande i ro utan at det vert kutta ned på foret. Sjukdomen kan ha samanheng med væskebalanse, og skal vere vanlegast i varmt vêr.

Rådgjerder endre

Hestar med krysslamming må ifylgje veterinærar ikkje flyttast. Hesten får tilført væske intravenøst, i tillegg til smertelindring.

Kjelder endre

  1. Mellberg, Mats (1997). «Helsearbeid og sykepleie». Hestehold i praksis (2. opplag 2001 utg.). Landbruksforlaget. s. 211. ISBN 8252921426. 
  2. Knævelsrud, Torunn (1990). «25. Muskelsykdommer». Hestens vanligste sykdommer og skader (3. opplag utg.). Norges Rytterforbund/Rytterkontakt. s. 80. ISBN 8275060001. 
  3. Mellberg, Mats (1997). «Helsearbeid og sykepleie». Hestehold i praksis (2. opplag 2001 utg.). Landbruksforlaget. s. 212. ISBN 8252921426. 

Bakgrunnsstoff endre