Kryvyj Rih
Kryvyj Rih (ukrainsk Кривий Ріг; russisk Кривой Рог, Krivoj Rog) er ein by sentralt i Ukraina. Han ligg Dnipropetrovsk oblast, sørvest for Dnipropetrovsk, ved samløpet mellom elvane Inhulets og Saksahan. Byen har kring 650 000 innbyggjarar (2007)
Kryvyj Rih | |||
ukrainsk Кривий Ріг, russisk Кривой Рог, Krivoj Rog | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Province | Dnipropetrovsk oblast | ||
Distrikt | Kryvyj Rih rajon | ||
Høgd | 84 moh. | ||
Koordinatar | |||
Areal | 410 km² | ||
Folketal | 664 499 (2011) | ||
Folketettleik | 1 621 / km² | ||
Grunnlagd | 1775 | ||
- Bystatus | 1919 | ||
Borgarmeister | Jurij Vilkul[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 50000-50479 | ||
Retningsnummer | +380 56(4) | ||
![]() Kryvyj Rih | |||
Wikimedia Commons: Kryvyi Rih | |||
Nettstad: kryvyirih.dp.ua | |||
Kryvyj Rih er utan tvil den største stålindustribyen i Aust-Europa, og eit globalt viktig metallurgisk senter i Kryvbas-regionen.
HistorieEndra
Byen vart grunnlagd på 1700-talet av zaporozje-kosakkar. Kryvyj Rih tyder på ukrainsk krokete horn. I følgje ei lokal segn vart byen grunnlagd av ein krokete (ukrainsk sjargong for einaugd) kosakk kalla Rih. Men ein veit at namnet på byen vart nytta om dette området før byen vart grunnlagd på grunn av forma på landområdet der elva Saksagan munnar ut i Inhulets.
Industriveksten i området byrja i 1880-åra då europearar byrja å investere i gruvedrifta her. Metallverka i byen, særleg Kryvorizjstal, vart utvida i sovjettida og er i dag eit av dei største i verda.
Under den russiske borgarkrigen vart byen og området kring kjernen i anarkiopprøret Nestor Makhno.
Under andre verdskrigen vart Kryvyj Rih nesten totalt øydelagd av den flyktande raude armeen. Etter krigen levde folk blant ruinane medan husa vart gjenoppbygd. Husmangelen vart møtt med innovative teknologiske løysingar som gjorde at ein raskt kunne byggje brakker og hus i raskt tempo.
KlimaEndra
Kryvyj Rih har eit tørt steppeklima (Bsk) i følgje Köppen si klimaklassifisering. Dette gjev varme somrar og kalde vintrar med lite nedbør.
Klimadata for Kryvyj Rih | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Varmerekord °C | 13.0 | 18.9 | 23.5 | 28.9 | 35.8 | 36.4 | 38.6 | 39.6 | 32.2 | 31.7 | 21.7 | 15.3 | 39,6 |
Normal maks. temp. °C | -0.9 | 0.1 | 6.1 | 15.0 | 21.8 | 25.2 | 27.8 | 27.5 | 21.4 | 14.0 | 5.5 | 0.4 | 13,7 |
Døgnmiddeltemp. °C | -3.5 | -3.1 | 1.9 | 9.6 | 15.9 | 19.5 | 21.8 | 21.2 | 15.6 | 9.1 | 2.3 | -2.1 | 9,0 |
Normal min. temp. °C | -6.3 | -6.2 | -1.8 | 4.4 | 9.8 | 13.7 | 15.7 | 15.0 | 10.1 | 4.7 | -0.6 | -4.7 | 4,5 |
Kulderekord °C | -27.2 | -27.3 | -21.0 | -8.9 | -1.6 | 2.8 | 7.3 | 5.0 | -3.7 | -10.0 | -18.6 | -24.5 | −27,3 |
Nedbør (mm) | 30 | 29 | 24 | 28 | 45 | 62 | 58 | 32 | 38 | 37 | 31 | 28 | 442 |
Kjelde: Pogoda.ru.net[2] |
Bilete frå Kryvyj RihEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kryvyi Rih» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «City of Kryvyj Rih, Dnipropetrovsk oblast» (på ukrainsk). Verkhovna Rada of Ukraina. Henta 27 February 2012.
- ↑ «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. Henta 3 juli 2012.
BakgrunnsstoffEndra
- Kryvyj Rih nettstad (engelsk, ukrainsk, russisk)
- Infokr - byportal (russisk)