Opna hovudmenyen

Kublai khan var den femte storkhanen av Det mongolske riket og grunnleggjaren av det mongolske Yuan-dynastiet i Kina. Han vart fødd omkring 1215, og døydde i 1294.

Kublai khan
YuanEmperorAlbumKhubilaiPortrait.jpg
Regjeringstid5. mai 1260–18. februar 1294[a]
Kroning5. mai 1260
Fullt namnTempelnamn: Shìzǔ (世祖)
Setsen Khan (ᠰᠡᠴᠡᠨ
ᠬᠠᠭᠠᠠᠨ
)
Posthumt namn: 聖德神功文武皇帝
(Keisar Shèngdé Shéngōng Wénwǔ)
Mongolskᠬᠦᠪᠢᠯᠠᠢ kinesisk 忽必烈, Kublai
Fødd23. september 1215 (juliansk)
FødestadDet mongolske riket
Død18. februar 1294 (juliansk)
DødsstadKhanbaliq
GravstadBurkhan Khaldun
FøregangarMöngke khan
EtterfølgjarTemür khan
Gift medTëgülun, Chabi, Nambui, Talahai khatun, Nuhan, Bayaujin Khatun, Khökhlun Khatan, Qoruchin Khatun
DynastiBorjigin
FarTuluj
MorSorghagthani Beki
BornDorji, Zhenjin, Mangala, Nomugan, Khökhechi, Ayachi, Auruyvci, Kuokuochu, Togoon, Hutulu Temür, Tamachi, Princess Jeguk, Yuelie, Wuluzhen, Yuelun, Wanze, Nangjiazhen, Qoridai, Asudai, Bantu, Boyalun, Xiliji, Shilin

Kublai var den fjerde sonen til Tolui (den andre sonen hans med Sorghaghtani Beki), og soneson av erobraren Djengis Khan.

På 1250-talet var Kubla statthaldar i det nordlege Kina for den eldre broren sin Møngke. Etter at Møngke khan døydde i 1259 blei Kublai utropt til storkhan etter han, men måtte først overvinna den yngre broren sin Ariq Böke, som også hadde blitt utropt til khan. Kublai sigra over Ariq Böke, som underkasta seg han, i 1264. Dette markerte likevel byrjinga på splid over makta i riket.[1]

Det mongolske riket strekte seg frå Stillehavet til Svartehavet, og frå Sibir til dagens Afghanistan,[2] men i røynda herska Kublai over Kina og Mongolia. Som khagan hadde han påverknad over Ilkhanatet og i mykje mindre grad Den gylne horden i vest.[3][4][5]

I 1271 skipa han formelt Yuan-dynastiet (Da Yuan, 'mektig opphav') og utropte hovdstaden sin som Dadu ('mektig hovudstad') eller Khanbalik, seinare kjend som Beijing. Kublai sameinte eit Kina som hadde vore delt sidan Tang-dynastiet fall i 907.[1]

Det kinesiske riket vart erobra frå sør og Kublai styrta der dynastiet Song; men forsøket hans på å gjera seg til herre over Japan frå Korea (dei mongolske invasjonane av Japan), og angrepet hans på Java mislukkast. Han førte òg krig i Burma og Vietnam og underla seg Tibet. I Kina heldt han eit strålande hoff, som Marco Polo gjesta 1275-1292, og han var opptatt av såvel handel, næringar og samferdsle som lærdom. Kublai bad i byrjinga av regjeringstida si paven om å sende europeiske misjonærar, men gjekk sidan over til buddhismen.

I kulturenEndra

Den engelske romantiske poeten Samuel Taylor Coleridge brukar Kubai Khan sitt Xanadu som utgangspunkt for eitt av dei mest kjende dikta sine, «Kubla Khan».

MerknadarEndra

  1. Datoane er her gjevne etter den julianske kalenderen.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Kublai Khan | Biography, Accomplishments, & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 8. november 2019 
  2. Man 2007
  3. Marshall, Robert. Storm from the East: from Genghis Khan to Khubilai Khan. s. 224. 
  4. Borthwick, Mark (2007). Pacific Century. Westview Press. ISBN 978-0-8133-4355-6. 
  5. Howorth, H. H. The History of the Mongols II. s. 288. 
Bibliografi