Det mongolske riket
Det mongolske riket (kyrillisk Их Монгол Улс) er det største samanhengande imperiet i verdshistoria og varte frå 1206 til 1368. På det største strekte det seg over 35 millionar km² og omfatta meir enn 100 millionar menneske. Det mongolske riket vart etablert av Djengis Khan i 1206. Han sameinte dei mongolske og tyrkiske stammane, og erobra landområde i Eurasia; På høgda si strekte riket seg frå Sibir i nord til Vietnam og Omanbukta i sør og fra Korea i aust til Polen i vest.[1]
HistorieEndra
Karakorum i Mongolia var hovudstad frå 1235.
I den mongolsk-kontrollerte delen av Kina-regionen, skipa Kublai Khan ein hovudstad nord for Luan-elva (1256).[2] Etter Möngke sin død hadde ikkje Mongolriket ein hovudstad.
Leiaren sidan 1251, Möngke Khan, døydde i 1259. Mongolske hærstyrkar trekte seg tilbake frå felttoga sine for å samlast til kurultai, ei form for riksting.[3]
Kamp mellom Kublai Khan og broren Ariq Böke, om tittelen stor-khan, utvikla seg til ein borgarkrig i tida 1260-1264.[4] Kublai Khan vann maktkampen.
Eit år etter skipinga av Yuan-dynastiet (dei mongolske herskarane av Kina), i 1271, proklamerte Kina sin herskar sin hovudstad med namnet Dadu[5]. Hovudstaden er kjend som Khanbalik (også kjend som Khanbaligh), og den og byen Beijing vaks seinare inn i kvarandre.
Song-dynastiet overgav seg til Yuan-dynastiet i 1276, og dermed var Kina-regionen erobra. Sjøslaget ved Yamen (i Guangdong i 1279) er rekna som nedkjempinga av dei siste lojalistane til Song-dynastiet.
Då leiaren Kublai Khan døydde i 1295, bestod mongolriket av fire einskilde khanat (eller khan-døme).
Han-kinesarane sitt Ming-dynasti tok over hovudstaden til Kina-regionen i 1368. Dei mongolske herskarane til Yuan-dynastiet trekte seg tilbake til det mongolske heimlandet, og dei herska då som det nordlege Yuan-dynastiet.
Tsjagatai-khanatet gjekk under (1687).
LeiararEndra
Mongolriket vart leia av ein stor-khan.
- Djengis khan (1206–1227)
- Ögedei khan (1229–1241)
- Güyük khan (1246–1248)
- Möngke khan (1251–1259)
- Kublai Khan var formelt stor-khan i tida 1260–1294
- Togon-temür[6] var formelt stor-khan i tida 1333–1368
ReferansarEndra
- ↑ «Mongolriket». Store norske leksikon. Henta 25. august 2019.
- ↑ Twitchett 1994, p. 418.
- ↑ Lane. S. 9.
- ↑ Allsen 1994, s. 411.
- ↑ The New Encyclopædia Britannica (Encyclopædia Britannica, Chicago University of, William Benton, Encyclopædia Britannica), p 2
- ↑ Togon-temür. Britannica.com. 2019-08-25
KjelderEndra
- Allsen, Thomas (1994). «The Rise of the Mongolian Empire and Mongolian Rule in North China». I Denis C. Twitchett; John King Fairbank. The Cambridge History of China: Volume 6, Alien Regimes and Border States, 710–1368. Cambridge University Press. s. 321–413. ISBN 978-0-521-24331-5.
- Lane, George (2006). Daily life in the Mongol empire. Westport, Connecticut: Greenwood Press. ISBN 978-0-313-33226-5.