Kumkvat

Kumkvat er ei frukt frå små tre i sitrusslekta i rutefamilien. Av utsjånad liknar sitrusfrukta ein valnøttstor appelsin med oval form, men i motsetnad til appelsin sit det meste av søtsmaken i skalet hos kumkvaten. Kumkvat har somme tider blitt plassert i ei eiga slekt, Fortunella.

Klassifisering

endre

Opphavleg klassifiserte Carl Peter Thunberg kumkvattreet som Citrus japonica i boka han gav ut i 1784 Flora Japonica. I 1915, reklassifiserte Walter T. Swingle det i ei ny utskild slekt, Fortunella, oppkalla etter Robert Fortune. Sju artar Fortunella har generelt blitt akseptert—F. japonica, F. margarita, F. crassifolia, F. hindsii, F. obovata og F. polyandra, i tillegg til den nyleg skildra arten F. bawangica. The Flora of China førte kumkvat attende til Citrus og samla dei ulike artane inn i ein art Citrus japonica.[1] Nyare genanalyse har funne tre reine artar, Citrus hindsii, C. margarita og C. crassifolia med C. × japonica som ein hybrid mellom dei to sistnemnde.

Opphav

endre

Kumkvat stammar opphavleg frå Aust-Asia, nærare sagt frå Kina, medan den i dag blir dyrka i subtropiske strøk i det meste av verda. Namnet «kumkvat» kjem frå eit kantonesisk ord som tyder 'gyllen appelsin'.

Frukta blei først dokumentert i Kina på 1100-talet. I 1846 blei ho innført til Europa av Robert Fortune, og vart kort tid seinare innført til Nord-Amerika.

 
Den lyse, ovale kumkvaten

Kumkvat veks på buskar eller korte tre som kan bli frå 2,5 til 4,5 meter høge. Treet/busken har tette greiner og kan ofte ha små torner. Det har kvite blomstrar og har som regel frå 80 til 100 frukt per plante.

Kumkvat veks særs sakte og finst i to variantar. Den eine er rund med mørkt oransje skal, medan den andre, òg kan hende den mest kjente, er lysare og meir oval. Fruktkjøtet er delt i fire til fem båtar og inneheld vanlegvis steinar, og smaken er sursøt og ganske bitter.

Kumkvat i kosten

endre

Bruksområde

endre
 
Den oransje, runde kumkvaten

Kumkvat blir vanlegvis eten rå med skalet på. Skalet blir behalde fordi det meste av søtsmaken sit der. Frukta kan òg syltast, marinerast eller kandiserast. Den er pen og er veleigna som pynt på dessertar og middagsrettar.

Skiver av kumkvat kan leggast i drinkar. Om ein frys dei ned kan ein nytte dei som isbitar.

Oppbevaring

endre

Kumkvat held seg godt og er best oppbevart ved 8-12 ºC, men den treng ikkje ligge i kjøleskap.

Kumkvat er tilgjengeleg heile året. Den bør vere fast og ha eit skinande oransje/gult, tett skal når den blir kjøpt.

Næringsinnhald

endre

Kumkvat har det same næringsinnhaldet som appelsin, mellom anna C-vitamin og kalsium. Kumkvat er likevel sunnare enn appelsin fordi skalet òg vert ete. Som hos mange andre frukter og grønsaker sit mykje av næringa i skalet.[treng kjelde]

Kjelder

endre
  1. Zhang Dianxiang, Thomas G. Hartley, David J. Mabberley, Rutaceae in Flora of China 11: 51-97 (2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kumkvat
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Citrus japonica