Naturfiber
Naturfiber er fiber av plante- eller dyreopphav. Botanisk fiber er langstrekte planteceller, anten vedfiber eller bastfiber. Zoologiske naturfiber er pattedyrhår eller trådar framstilt av insekt eller edderkoppdyr.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3e/Lana_scaglie3.jpg/220px-Lana_scaglie3.jpg)
Blant botaniske naturfiber har vi til dømes bomull, lin, hamp, jute, ami, kokos, manila, raffia, sisal.[1] Animalske fiber er til dømes ull eller pelshår av sau, kasjmir, mohair, angora, alpakka, lama, alpakka , kamel og jak. Silke er framstilt av silkeormar, eit insekt. Edderkoppar lagar spindelvev og trådar som også er naturfiber, sjølv om dei sjeldan blir brukte av menneske.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2a/Tegenaria.atrica.spiderlings.on.egg.sac.jpg/220px-Tegenaria.atrica.spiderlings.on.egg.sac.jpg)
Framstilling av naturfiber
endreVedfiber vert frigjort frå anna cellevev ved at plantematerialet vert lagt til røyting, slik at pektinet som bind saman fibra vert løyst opp gjennom ein naturleg gjæringsprosess.[2]
Utviklingshjelp
endreNaturfiber kan bli produsert med enkel og miljøvennleg teknologi, og produksjonen kan gje inntekter til mange menneske, spesielt i utviklingsland. Dette er ein bakgrunn for at FN utropte 2009 til internasjonalt naturfiberår.[3]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Tekstilleksikon, arkivert frå originalen 1. juli 2009, henta 29. januar 2010
- ↑ SNL:Fiber
- ↑ International Year of Natural Fibres, arkivert frå originalen 21. april 2017, henta 29. januar 2010
Bakgrunnsstoff
endre- Lin, hamp, lindebast, netle, ull og andre naturfibre ved historieboka.no
- Plantefibre, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, uio.no