Gjødning eller gjødsel er materiale ein kan tilføra plantar for å gje dei fleire næringsemne enn det dei veks i allereie. Gjødningen kan blandast i jorda, slik at plantene kan take næringsemna opp gjennom røtene, eller han kan sprøytast over plantene for at dei skal take opp næringsemna gjennom bladverket.

Spreiing av naturgjødsel med traktor ved Hockenheim i 2015.
Reklameteikning som viser avlinga ein skal få med og utan gjødsling med ammoniumsulfat.

Gjødsel kan vera organisk, det vil seia at han inneheld organisk materiale og er karbonbasert, eller uorganisk, det vil seia at han inneheld enkle ikkje-organiske kjemiske stoff. Ein skil ofte også mellom naturgjødsel, som blir laga av naturmateriale som ekskrement eller urin, av kompost eller torv, og kunstgjødsel, som blir framstilt industrielt.

Gjødsel inneheld vanlegvis hovudnæringsstoff (nitrogen, kalium og fosfor), sekundære plantenæringsstoff (kalsium, svovel og magnesium) og sporstoff (mikronæringsstoff) (bor, klor, kopar, jern, molybden og sink). Ein skil mellom gjødning og jordforbetringsmiddel, som skal gjera jorda meir eigna å veksa i for plantar.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

  Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.