Kurdisk
Kurdisk er eit nordvest-iransk språk eller eit dialektkontinuum i den indoeuropeiske språkfamilien. Det vert tala av kurdarar, fyrst og fremst snakka i delar av Iran, Irak, Syria og Tyrkia. Det området der kurdisk er det hovudsaklege språket vert kalla Kurdistan, men ettersom språkområdet er delt mellom ulike land finst det ikkje noko fastlagt kurdisk standardspråk. Dei viktigaste regionale standardane er det nordlege kurmanji og sorani som blir tala lengre aust og sør. I tillegg utgjer zaza-goranispråk som zazaisk ei tydeleg eiga gruppe.
Kurdisk كوردی kurdî | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Iransk Vestiransk Nordvestiransk Kurdisk | |
Talarar | kurdarar | |
Bruk | ||
Tala i | Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Irak, Iran, Libanon, Syria, Turkmenistan og Tyrkia | |
Kurdisktalande i alt | ca. 13-20 000 000[1] | |
Skriftsystem | Latinsk, arabisk , kyrillisk og armensk. | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ku | |
ISO 639-2 | kur | |
ISO 639-3 | kur – kurdisk (generisk)
| |
Wikipedia på kurdisk |
Nord og vest i Kurdistan vert kurdisk skrive med latinske bokstavar. Sør, aust og sentralt i Kurdistan vert ei modifisert form av arabisk skrift nytta.