Khuriya Muriya-øyane eller Kuria Muria (arabisk جزر خوريا موريا, Juzur Khurīyā Murīyā eller Khūryān Mūryān) er ei gruppe på fem øyar i Arabiahavet, 40 km utafor søraustkysten av sultanatet Oman. Øya er ein del av provinsen Shalim- og Hallaniyatøyane i guvernementet Dhofar.

Kuria Muria
øygruppe
Kart over Khuriya Muriya-øyane
Land  Oman
Koordinatar 17°30′N 56°00′E / 17.500°N 56.000°E / 17.500; 56.000
Kart
Kuria Muria
17°30′N 56°00′E / 17.5°N 56°E / 17.5; 56
Wikimedia Commons: Khuriya Muriya Islands

Historie endre

I oldtida vart øyane kalla Zenobii eller Zenobiouøyane. Øyane er nemnt av fleire tidlege geografar som Ptolemaios (vi. 7. § 47) som talte sju små øyar i Khuriya Muriya-bukta (Σαχαλίτης κόλπος; Sinus Sachalites), mot innløpet til «Persiabukta» (mest truleg dagens Adenbukta).[1] I 1854 avstod sultanen av Muscat (seinare Muscat og Oman og i dag Oman) øyane til britane og i 1868 vart dei lagt til protektoratet Aden (i dagens Jemen). Øyane høyrte til britane fram til 1967 og vart styrte av den britiske guvernøren i Aden fram til 1953, så av den britiske høgkommisæren fram til 1963, og til slutt av den britiske residenten i Persiabukta (heldt til i Bahrain). Den 30. november 1967 annonserte Lord Caradon, den britiske ambassadøren til Dei sameinte nasjonane at øyane, i tråd med ønske til dei lokale innbyggjarne, skulle returnerast til Muscat og Oman, trass i kritikk frå president Qahtan Muhammed al-Shaabi som meinte øyane måtte overførast til Folkerepulikken Sør-Jemen.[2]

Øyar endre

Øy arabisk Transliterasjon
Al-Hasikiyah جزيرة الحاسكية Ǧazīrat al-Ḥāsikiyya
Al-Sawda الجزيرة السوداء al-Ǧazīra al-sawdāʾ
Al-Hallaniyah جزيرة الحلانية Ǧazīrat al-Ḥallāniyya
Qarzawit جرزعوت Ǧazīrat Ǧarzaʿūt
Al-Qibliyah الجزيرة القبلية Ǧazīra al-qibliyya
Khuriya Muriya-øyane جزر خوريا موريا Ǧuzur Ḥūriyā Mūriyā

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Cf. Arrian Per. M. Eryth. s. 19.
  2. The Times, December 1, 1967

Bakgrunnsstoff endre