Kaldfjorden på Kvaløya

Kaldfjorden er ein fjordKvaløya i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 16 km sørover til tettstaden Kaldfjord i botn av fjorden.

Kaldfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Kart
Kaldfjorden på Kvaløya
69°46′10″N 18°40′56″E / 69.7694°N 18.6821°E / 69.7694; 18.6821
Wikimedia Commons: Kaldfjord

Fjorden har innløp mellom Klubbeneset i nord og Røsnes i sør, like søraust for Vengsøya og aust for Vengsøyfjorden. Like ved munningen går Skulsfjorden austover til Skulsfjord. Frå Sommargamneset på sørsida av Skulsfjorden går det ferje ut fjorden til Vengsøya. Rett sør for Skulsfjorden ligg den mindre Lyfjorden.

Frå her og vidare innover i fjorden er det relativt få busetnader langs fjordsidene. Først i den indre delen byrjar det å verte ein del grender og gardsbruk. Ved Kræmarvik på vestsida er det om lag berre 800 meter over eit eid til Ersfjordbotn og Ersfjorden. Her svingar òg fjorden rett austover og inn det siste stykket til Kaldfjord. Ved Kaldfjord er det igjen berre ein kilometer over eit eid til Nordbotn like vest for Tromsøya og Tromsø.