Kvalme eller nausea (av latin nausea, og av gresk ναυσία - nausia[1]) er ei kjensle av uro eller ubehag i den øvre delen av magesekken, med ein ufriviljug trong etter å kaste opp.[2] Det blir somme gonger fylgt av oppkast, men ikkje av regel. Langvarig kvalme blir rekna som eit utmattande symptom.

Måleri frå 1681 syner ein person som kastar opp.

Kvalme er eit ikkje-spesifikt symptom, som tyder at det finst fleire moglege årsaker. Vanlege årsaker er rørslesjuke, ørske, uvete, mage-tarmkatarr og matforgifting. Det er ein vanleg attåtverknad ved bruk av lækjemiddel som til dømes kjemoterapeutika (cellegift) og vomitiv. Det kan også skuldast angst, avsky og depresjon.[3][4][5] Morgonkvalme kan oppstå i tidleg svangerskap.

Lækjemiddel som førebyggjer og mildnar kvalme blir kalla antiemetika.

Kjelder endre

  1. ναυσία, Henry George Liddell, Robert Scott,.A Greek-English Lexicon, Perseus
  2. Metz A, Hebbard G (September 2007). «Nausea and vomiting in adults--a diagnostic approach». Aust Fam Physician 36 (9): 688–92. 
  3. «Stress symptoms: Effects on your body, feelings and behavior». Mayo Clinic. 
  4. «Diagnostic Criteria: Clinical Guidelines for the Management of Anxiety». PubMed. 
  5. «Disease Information for Stress/Emotional/Physical: Clinical Manifestations». Arkivert frå originalen 12. juni 2016. Henta 21. februar 2016.