Kvipt er ein fjellgard i Birtedalen i Fyresdal kommune i Telemark, som ligg om lag 600 meter over havet.[1] Dei eldste bygningane stammar truleg frå tidleg på 1600-talet,[1] men busetnaden stammar frå endå lengre attende i tid.[2] Garden har status som freda kulturminne.

Kvipt er ein gammal fjellgard i Birtedalen i Fyresdal.

Garden er gjort om til Kvipt Gjestegard, som tilbyr overnatting, festlokale, keramikkverkstad med rosemåling, gardsmuseum og servering av tradisjonell mat. Garden er tildelt Olavsrosa for opplevingstilbod av høg standard.[2]

7. desember 2003 viste NRK eit program i serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu frå Kvipt.

Biletgalleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kvipt