Kvirinius
Publius Sulpicius Quirinius (ca. 51 f.Kr.-21) var ein romersk aristokrat, kjend frå Lukas-evangeliet i Det nye testamentet som Kvirinius (gresk Κυρήνιος, Kyrenios), statthaldar i Syria, då Jesus blei fødd.
Kvirinius | |
![]() | |
Statsborgarskap | Romarriket |
Fødd | ca. 45 f.Kr. Lanuvio |
Død | |
Yrke | politikar, militær |
Språk | latin |
Ektefelle | Appia Claudia, Aemilia Lepida |
Kvirinius på Commons |

Liv Endra
Kvirinius var fødd i Lanuvium nær Roma i ein rik familie utan politisk makt. Han tenestegjorde i Spania. Rundt 14 f.Kr. nedkjempa han Marmaridae-stammen frå Kyrenaika, kanskje medan han var guvernør for Kreta og Kyrene. I 12 f.Kr. blei han utnemnd til romersk konsul.
11–7 f. Kr. kjempa Kvirinius mot homonadane i nordre Syria og Kilikia. Etter å ha overvunne denne stammen blei han heidra med eit sigerstog, ein triumf. I år 6 f.Kr. blei han prokonsul for Pamfylia-Galatia. Han blei statthaldar av Syria og Judea i år 6, etter forvisinga av Herodes Arkelaos. Han fortsette i stillinga fram til år 12, då han drog tilbake til Roma. Her døydde han i 21, og fekk ei offentleg påkosta gravferd.
Kvirinius si folketeljing Endra
Ein av dei første oppgåvene Kvirinius fekk utført var ei folketeljing i Syria og Judea i år 6 eller 7.
Ei romersk folketeljing under Kvirinius er nemnd i Juleevangeliet etter Lukas. Matteus-evangeliet plasserer derimot fødselen under styret til den tidlegare Herodes den store, som døydde i 4 f.Kr.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Quirinius» frå Wikipedia på engelsk, og «Publius Sulpicius Quirinius» frå Wikipedia på svensk den 29. desember 2010.