Kvit pizza
Kvit pizza eller pizza bianca er ein italiensk pizza utan tomatsaus. Tomatsausen er ofte erstatta av kvit saus, for eksempel laga av rømme,[1] pesto,[2] eller creme fraiche.[3] Ein typisk kvit pizza består av deig, olivenolje, lauk og ost.[4]
Kvit pizza blei fyrst laga i Roma.[4] Pizzaen blei laga enkelt, og minte gjerne meir om brød enn pizza. Pizzaen blei ofte servert til skulebarn når dei kom heim frå skulen, før middag, eller som brød ved sida av anna mat, som pasta eller kjøtretter.[5]
Galleri
endreKjelder
endre- ↑ ABC Brand Studio (27. mars 2020). «Slik lager du hvit pizza». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 27. februar 2022.
- ↑ «Pizza bianca | Traditional Pizza From Rome | TasteAtlas». www.tasteatlas.com. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Slik lager du hvit pizzasaus | Meny.no». www.meny.no (på norsk). Henta 27. februar 2022.
- ↑ 4,0 4,1 «Pizza from Around the World». giordanos.com (på engelsk). 12. mai 2020. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «What is Roman White Pizza? - Food Tours» (på engelsk). Henta 28. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Hvit pizza» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juli 2023.